Kulturministeren opnar festival

TIL TELEMARK: Trine Skei Grande skal kaste glans over folkemusikkfestivalen i Bø i august. Foto: NTB scanpix

TIL TELEMARK: Trine Skei Grande skal kaste glans over folkemusikkfestivalen i Bø i august. Foto: NTB scanpix

Artikkelen er over 1 år gammel

BØ: Kulturminister Trine Skei Grande kjem til Bø for å opne Telemarkfestivalen den 10. august.

DEL

Kvart år blir Telemarkfestivalen opna av ein person festivalleiinga meiner er interessant eller er relevant for det Telemarkfestivalen ønskjer å skape og formidle.

– I så måte er kulturministeren kanskje den mest interessante og relevante opnaren me har hatt, seier dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld i ei pressemelding.

Det har etter kvart blitt ei lang liste av kjende festivalopnerar dei 29 åra festivalen har vore arrangert. På lista finn ein Prinsesse Märtha Louise, Kåre Willoch, Odd Nordstoga og Shabana Rehman, for å nemne nokon.

– Men det er ikkje ofte me har ein sittande kulturminister på besøk, så det synes me er veldig stas, seier Mosfjeld som ser besøket frå kulturministeren som ei anerkjenning av festivalens gode arbeid gjennom fleire år.

Artikkeltags