Som TA kunne melde torsdag er festivalen løyva 1 million kroner kvart år i 2018, 2019 og 2020. Det er ei auke på 150 000 kroner frå 2017.

Telemarkfestivalen har lenge ønska seg treårig tilskot frå Kulturrådet for å ha betre føresetnader for festivalverksemda. Før helga kom gladmeldinga som festivalen har venta på. Ikkje berre vart det treårig tilskot, men òg ei solid auke til det årlege tilskotet. 

– Det var ei fantastisk jolegåve å få, seier dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld i ei pressemelding.

LES: Noen fikk avslag, mens andre kan puste lettet ut

Det auka tilskotet frå staten speglar tendensen frå regionen, meiner festivalleiinga. Både Telemark fylkeskommune og vertskommunen Bø har vedteke auka tilskot til festivalen frå og med 2018.

– Me opplev òg ei auke i midlar frå lokale sponsorar og støttespelarar, og det er me svært takksame for. Utan lokalt engasjement vert det ikkje festival, seier Mosfjeld.

Auka spelerom

Han ser på tildelinga som ei anerkjenning av det langsiktige arbeidet festivalen har drive med i mange år. Nå ønskjer arrangøren å utvikle folkemusikkfestivalen vidare som attraktiv arena for den tradisjonelle folkemusikken, samt vere ein føregangsarena for fornying av sjangeren.

Økonomisk tryggleik gjev auka spelerom, og det kan til dømes bli meir av Telemarkfestivalen i heile fylket.

– Me heiter jo Telemarkfestivalen, og det vil vere naturleg å spreie festivalverksemda til andre stader enn Bø, seier Mosfjeld, som fortel at festivalen allereie er i dialog med arrangørkrefter i både Sauherad og Nome.