Blåmann har følgd henne i mange år. Denne blå geitebukken frå Vinje som ser med skråblikk og humor på livet. Under koronaen fekk han til og med si eiga spalte i Vest-Telemark Blad, der han fekk fridom til å ytre seg, som det står i kroteboka.
- Tull og tøys og tran er sunt, heile året rundt, meiner både Blåmann og Hallbjørg Strøm.
- Eg brukar mykje humor, eg er litt tullete, stadfester Hallbjørg Strøm og smiler lurt.
- Her har eg nokre humlepungar, har du høyrt uttrykket humlepung, spør ho og viser fram ei korg med små brune og gule pungar.
Humlepung kunne vere posen dei bruka for å legge humle i då dei bryggja øl i gamle dagar, eller det blei også bruka som eit skjellsord. Å, du din humlepung! Men for Hallbjørg er ikkje den opprinnelege tydinga så viktig. Ho synest ordet er artig og har laga eit produkt rundt dette. Dei små merkelappane på humlepungane hennar er fine teikningar av humler.
- Orda hoppar fram når eg er på lone, og så blir det kanskje noko ut av det, forklarar ho.
Mykje gull i gjenbruk
Bak dei runde brillene glitrar smilande augo. Ho viser rundt i verkstaden hennar i Edland. Her er plastkasser med materialar til komande prosjekt, både akvarellar, sauma eller strikka produkt, spikka ting og ulike pynteting eller anna laga av papir. Nokre materialar kjøper ho, men mykje er gjenbruk. Emballasje, eller papprøyr, for eksempel, kan gjerast om til fine, fargerike ting.
- Om eg kastar noko? Nei, det er veldig lite. Eg sparar på alt, det har eg alltid gjort, seier Hallbjørg.
- Desse lakkboksane her er dekorert med tørkepapir som eg tørkar penslane på, seier ho og hentar fram ein stabel fine, fargerike boksar.
Sjølve askane er kjøpt på hobbybutikk, men dekoren er gjenbruk. Tørkepapir som akvarellpenslane blir tørka på, blir strokne og dekorert med mønster og ord og lima på boksane. Mange lakklag kjem utanpå.
Hallbjørg Strøm målar dei nydelegaste akvarellar med små, fine sitat på. Nokon har hennar eigne ord, andre er inspirert av dikt frå t.d. Vesaas og Vinje.
- Spolar og papprøyr er også lagleg å bruke til armband eller andre ting, seier Hallbjørg og viser fram nokre eksempel.
Borte i kroken ligg ein liten haug med trepinnar. Hårnåler, er det. Spikka reine og fine og klare til bruk bak i tullen.
- Ja, eg må ha tull, smiler Hallbjørg og snur seg rundt.
Det grå, lange håret er sett opp i ein fin tull bak, festa med ei trenål.
Pure originalar
Det er stort sett originale akvarellar du får kjøpt av Hallbjørg, enten innramma som hustavler, som små kort, eller i A4-storleik.
- Avskantar av akvarellarka kan bli til bokmerke, eller til merkelappar på ting eg har strikka, sauma,, brodera.
Dersom du kjøper ei pakke med "strøhjarta" får du handklipte og handmåla hjarte i fine fargar, pluss kanskje eit ord eller to med på vegen. I ei pakke som underskrivne kjøpte med seg, dukka det opp "leik og le" og "hurra - du er du".
- Dette som du har drive med i alle år, er blitt ganske trendy nå.
- Ja, eg har alltid vore før mi tid, svarar Hallbjørg og ler.
- Nei, dette er ikkje nytt, veit du. Båe foreldra mine tok vare på alt og bruka det. Men det har kome opp i tidi att nå, og det er fint, seier ho.
- Men du tjener ikkje allverda på det du lagar?
- Nei, det er pur hobby og moro, konstaterar Hallbjørg Strøm.
Ho leverar til salg i Vinje Handverkslag/Mjonøy, Vinjesenteret og Haukeli husflidslag. For dei spesielt interesserte opnar ho verkstaden sin heime i Edland. Nå er det produksjon til jolemesser som står for tur, men ho påstår at ho arbeider planlaust.
- Eg er så fæl til å vasa og brukar ikkje tida så effektivt. Eg er vel i slekt med katten der, meiner Hallbjørg.