Kristian Ryntveit frå Gvarv blei norsk meister i køyring av skogsmaskin (lassberar) sist helg. Konkurransen fann stad på Hurdagane.

- Det var åtte påmelde i proffklassa. Me måtte gjennom kvalifiseringar, der to hamna i finalen med fem ulike postar. Noko av konkurransen gjekk ut på å laste på ti stokkar på maskina. Det var berre lov å ta ein stokk om gongen og klypa på maskina måtte gripe rundt heile stokken. Alt gjekk på tid. Eg bruka 6 minutt og 17 sekund og vann med berre 1/10 sekund. Eg hadde ikkje drøymt om å bli NM-vinnar, så dette er veldig stas, fortel 32-åringen.

Fordel

- Var du nervøs under konkurransen?

- Eg hadde litt puls. Me konkurrerte med Komatsu lassberar som eg har køyrt i fleire år tidlegare.

Det trur eg var ein fordel, for konkurrentane var meir vant med John Deere, svarar Kristian.

TA møter vinnaren under ei pause i skogsdrifta på Svanstul i Skien. Der brukar han nettopp John Deere lassberar og til jul får han ein ny doning av same merke som er enda større enn dagens maskin på 19 tonn. Oppdraget hans er å køyre fram kring 6.000 kubikkmeter med tømmer for Løvenskiold, men det kan bli meir, ifølgje den ferske NM-vinnaren.

Draumen

Kristian fortel at han alt som 9-åring drøymde om å bli sjåfør av skogsmaskin. Draumen blei oppfylt. Han har jobba med dette i 13 år no og starta for nokre år sidan eige firma med broren Rolleiv Ryntveit.

- Det fungerte bra, men eg likar best å vere tilsett. Derfor selde eg min del av firmaet. Etterpå har eg jobba for blant andre Uvdal Skog i Bø, seier Kristian. No er han tilsett i Tveitan & Bang Tynningslag i Vestfold. Der starta han i si tid karrieren som lærling, etter fagutdanning på Søve og Kongsberg.

Lange dagar

Kristian legg ikkje skjul på at det mykje jobbing for tida. Han er ein skikkeleg morgonfugl og avsluttar fyrst arbeidsdagen seint på ettermiddagen.

- Kva er toppen med jobben?

- Å vere ute og her er eg på mange vis min eigen herre. Særleg på veg til jobben ser eg mange ulike dyr, men det hender også at elgen dukkar opp i hogstfelta. Jobben byr på risiko og ingen dag er lik. Bank i bordet, men eg har aldri velta.

- Blir du aldri lei?

- Det hender, men da reiser eg heim for å lade batteria, svarar den fornøgde ungkaren frå Gvarv.

Fornøgd sjef

Lars Ragnvald Tveitan er dagleg leiar i Tveitan & Bang Tynningslag.

- Kristian er ein flink kar. Han var så roleg under tevlinga. Det trur eg avgjorde konkurransen, seier

Lars Ragnvald Tveitan som ikkje legg skjul på at sigeren er god reklame for firmaet hans.