Ikkje fyrste konflikt

TO SAKER: Rådmann i Fyresdal, Ketil O. Kiland, har no to saker mot seg, ei i Nissedal og ei i Fyresdal, kva som omhandlar dårleg personalhandtering av andre kommunalt tilsette.

TO SAKER: Rådmann i Fyresdal, Ketil O. Kiland, har no to saker mot seg, ei i Nissedal og ei i Fyresdal, kva som omhandlar dårleg personalhandtering av andre kommunalt tilsette. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

FYRESDAL: Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland hadde ei tilsvarande arbeidskonfliktsak mot seg då han var rådmann i Nissedal i 2008.

DEL

Tysdag skreiv TA om pålegga som er gjevne og prosessen som er sett i gang for å betre arbeidsmiljøet i Fyresdal kommune. Og både rådmannen og den politiske leiinga gav der uttrykk for at ein vil ta tak i situasjonen og få bukt med problema.

Men det finst også ein tilsvarande rapport frå 2008, då Ketil O. Kiland var rådmann i Nissedal kommune.

Den gongen var det Arbeidstilsynet som laga ein fyldig rapport. Når ein samanliknar delar av innhaldet i denne med den kontrollutvalet i Fyresdal kommune laga, er det fleire av dei same stikkorda som går att: manglande empati, detaljstyring, stort fokus på innsparingar, lite på kva som gjev motivasjon, «raske» beslasutningar/avtalar i gangen og på matromet, dårlege prosessar og lite involvering som grunnlag for beslutningar.

Ordførar Erik Skjervagen (Ap) er likevel innstilt på at problema i Fyresdal vil løysast no.

MEIR RO I REKKJENE

– Ja, det må det jo gjere, seier Skjervagen og understrekar at kommunestyret vil følgje saka nært i det vidare.

 Han fortel også at det allereie har blitt meir ro i rekkjene etter at varslingssaka vart kjent no i vår.

–  Situasjonen er blitt betre. Eg har fått fleire tilbakemeldingar om at åtferda til rådmannen både har endra seg og betra seg etter at saka kom opp, fortel ordføraren.

Han innrømmer likevel at han vart overraska over at det kom opp ei sak nummer to etter bølgjene i Nissedal i 2008.

VART OVERRASKA

– Ja, eg vart overraska. Saka frå Nissedal var kjent i Fyresdal i samband med tilsetjingsprosessen av ny rådmann i kommunen.Og det var ganske kontroversielt.

– Ein forventa vel at det vart med den saka i Nissedal, seier Skjervagen og understrekar at det ikkje kan bli fleire av denne sorten framover nå.

– Da har me eit kjempeproblem. Og da har me også ei heilt anna sak, seier han, utan ønskje om å utdjupe dette nærare.

VIL FØLGJE SAKA TETT

– Korleis stiller det vidare arbeidet seg, med utgangspunkt i at det no finst to relativt like rapportar?

– Det inneber at kommunestyret framover må følgje saka tett, seier Skjervagen og syner til eitt av dei vedtatte punkta som inneber ein årleg gjennomgang.

– Er det ofte nok?

– Nei, det er ikkje det. Ein må  ha ein gjennomgang langt oftare enn det, seier han, men fryktar ikkje for at problema får vedvare.

– Det er små forhold her. Eg er nok den første som får kjennskap til eventuelle nye og ubehagelege personalhandteringar, seier ordføraren.

INGEN KOMMENTAR

Rådmann Ketil O. Kiland ønskjer ikkje å kommentere nærare at han no har to tilnærma like arbeidskonfliktsaker mot seg, kva som gjeld brot på arbeidsmiljølova mot andre tilsette i kommunen.

– Nei, eg har ingen kommentar til det. Eg forheld meg no til dei tinga ein har vedtatt å jobbe med her i kommunen, seier han til TA og fortel at han aktivt jobbar for å avklare og finne gode løysingar på eit del aktuelle situasjonar.

– Eg håpar ein i det vidare får ro til å jobbe med dei tinga som er vedtatt der, seier han. 

Artikkeltags