Draumejobb i Dubai

MALDIVENE: Tremenningane Gro Unni Kåsin og Gry Anine Strøm frå Sauherad tek yogaposisjonen «krigaren» på Samadhi yoga, meditasjon og velvere på Maldivene i oktober i år.

MALDIVENE: Tremenningane Gro Unni Kåsin og Gry Anine Strøm frå Sauherad tek yogaposisjonen «krigaren» på Samadhi yoga, meditasjon og velvere på Maldivene i oktober i år. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

DUBAI: Dei sameinte arabiske emirata kravde at ektemannen tillét det da Gry Anine Strøm skulle starte eigen bedrift i Dubai. Nå gjeng reiseoperatøren Samadhi opplevelser så det susar.

DEL

For tre år sidan flytta gvarvianaren Gry Anine Strøm med ektemann og barn til Dubai. Han fekk jobbtilbod der og Strøm tenkte det måtte vere ein marknad for ho også. Etter 16 år i reiselivsbransjen over heile verda bestemde ho seg for å starte opp sitt eiget reisebyrå tufta på opplevingar og velvere. Strøm er i sitt rette element.

– Å jobbe med reiseliv betyr å jobbe mykje. Eg elskar jobben min. Det er hobby og yrke i eitt, seier ho på telefon frå Dubai.

MOTSETT AV CHARTER

Samadhi opplevelser tek sikte på dei genuine opplevingane. Dei tilbyr yoga med profesjonelle instruktørar i ørkenen i Dubai og på stranda på Maldivene.

– Nordmenn vil ikkje følgje turiststraumen lenger. Det er heller ikkje så mykje fokus på pris, seier Strøm.

Etter å ha jobba med charter i mange år ville ho tilby noko i den andre enden av reiseskalaen. Velvere og opplevingar skulle gå hand i hand. I tillegg til grupperiser tilbyr ho også skreddarsydde turar. Årets suksess er tre dagar med oppleving i Dubai og fem dagar med yoga på Maldivene.

– Dubai har blitt ein storby med mykje nytt og kunstig. Eg tek med kundane mine til kultur og historie i ørkenen. Me søv under open stjernehilmmel i beduinleirar. Eg tek dei også med til storbyens daglegliv, seier ho.

MANNEN BESTEMMER

Mannen til Strøm måtte gje myndigheitene i Dei sameinte arabiske emirata beskjed om at det var greitt at kona jobba.

– Det er ikkje enkelt som jente å starte bedrift i Dubai. Mannen min tillet at eg jobbar fortsatt, seier ho spøkefullt.

Velvereturane med kombinasjonen Dubai Maldivene er retta mot vaksne damer. Frå neste år er også Sri Lanka på programmet.

– Det har teke av. Fyrste året var ei startfase. Nå har eg fått mange bra samarbeidspartnarar, seier Strøm.

Mellom anna har fått med seg barndomsveninne og tremenning Gro Unni Kåsin, frå Gunheim i Sauherad, på laget.

– Me har kome kvarandre nærare enn nokon gong før, seier Strøm.

Ho har også med seg yogainstruktøren Kari Aamodt frå Grenland på laget.

– Kari har budd i utlandet i 20 år og har all mogleg yogaerfaring frå Austen, seier Strøm.

Einaste norske reisebyrået Samadhi opplevelser samarbeider med er Wiikstrøm reiser.

– Dei er ute etter å skape geniuine turar. Skal me samarbeide med nokon så må me halde på konseptet vårt, seier Strøm.

Frå oktober til mai er Samadhi ute på tur kvar einaste dag.

– Det er like magisk å gjere yoga ute i ørkenen som på ei strand på Maldivene, seier Strøm.

TIDLEG YOGA

Samadhis Gro Unni Kåsin var på Maldivene 24.-29. oktober. Ho har reist over store delar av verda.

– Maldivene er den desidert finaste plassen eg har vore på, seier, Kåsin, som i tillegg er flyvertinne.

Ho var nybyrjar i yoga da ho reiste dit og var spent.

– Soloppgangs- og solnedgangsyogaen var noko av den mest speielle «i nået»-opplevinga eg har hatt, seier Kåsin, som vil fortsetje med yoga ein gong i veka.

Yoga-deltakarne tek fyrste strekk medan mørkre blir til lys klokka 05.30.

– Nokon sprett opp gjer yogaen og legg seg att, seier Strøm.

Artikkeltags