VTK-direktør Kjetil Kvaale, seier selskapet vil halde på som før – inntil vidare.

– VTK held fram med dagens modell for nettleige inntil vidare. Dette på bakgrunn av sterk oppfordring frå eit fleirtal på Stortinget – og for å ikkje gjera større endringar enn nødvendig i den situasjonen vi no har med ekstreme kraftprisar og mykje anna å setja seg inn i for våre kundar.

– Den nye modellen ville ha gjeve billigare nettleige for kundar med normalt forbruk og med effektuttak under 10 kW og dyrare for kundar med elbil(ar) og mykje anna elektrisk utstyr med stort effektbehov. Dei som ladar om natta og unngår å bruke alle sine elektriske apparat samstundes ville ha betalt mindre. Diverre blei dette dårlege kommunisert i media og vi fekk det resultatet som vi no har, seier han i ei pressemelding.

– Den nye effektbaserte modellen ville ha motivert til å jamne ut forbruket, det betyr i neste omgang redusert behov for nettutbygging og lågare nettleige. Difor er det nødvendig å koma over på ny modell etter kvart. For VTK Nett AS har det ingen ting å seia kva for modell som blir nytta. Dei samla nettinntektene blir dei same.

– Nye tariffar er no annonsert og blir lagt ut på heimesida vtk.no. Eksklusiv avgifter aukar prisen som fylgje av at VTK ikkje får utjamningsmidlar frå Staten neste år og at kostnaden til innkjøp av nettap aukar på grunn av høg spotpris. Inklusiv avgifter ein liten nedgang som fylgje av redusert forbruksavgift i vintermånadene.