Frisk satsing i eplehagen

EPLE: Til ein prislapp på fem millionar kroner satsar Henning Jensen og Anlaug Haukvik Grave friskt på epleproduksjon på garden.

EPLE: Til ein prislapp på fem millionar kroner satsar Henning Jensen og Anlaug Haukvik Grave friskt på epleproduksjon på garden. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GVARV: Innan ein treårsperiode skal Analug Haukvik Grave (33) og Henning Jensen (34) ha planta 20 000 nye epletre på garden.

DEL

- Gravenstein, Raud Aroma, Discovery og Rubinstep. Nokre gamle og nokre nyare sortar, fortel ei oppglødd Anlaug Haukvik Grave. I 2013 flytta ho frå Oslo saman med mannen Henning Jensen. Saman busette dei seg på barndomsgarden Lindheim på Gvarv, med mål om å satse på eple.

Likar fysisk arbeid

- Me er båe glade i fysisk arbeid og å vere ute. Epleproduksjon har lang tradisjon på garden og me syntest det var spennande å vidareutvikle dette. Det måtte liksom bêre eller briste, fortel dei to, som utvidar kraftig. I fjor planta dei fem mål, i år 20 og neste år blir det ytterlegare 30 nye med eple. Frå før hadde garden vel 20.

- Totalt vil me ha mellom 70 og 80 mål med eple. Me blir ikkje av dei største produsentane i kommunen, men heller ikkje av dei minste, fortel dei to som syner til bratt læringskurve i faget dei siste åra. Medan ho er overingeniør i kjemi, med arbeidsplass på Høgskulen i Søraust-Noreg, Campus Bø, er han IT-konsulent i Bø-fimaet Arkitektum, og oppvaksen i bustadfelt i Stokke utanfor Tønsberg. Å ha ekspertisa som næraste nabo i gardstunet, er framleis av stor verdi.

God og nær hjelp

- Me har hatt mykje god hjelp av pappa. Me hadde nok ikkje klart dette utan. Det har vore trygt, men også veldig lærerikt å kunne stø seg til nokon med så lang og god erfaring i bransjen. Me lærer fortsatt litt heile tida, smiler Anlaug, takksam for å ha nokon som stadig har mint ein på om stort og smått. Gradvis blir dei meir sjølvhjelpte. Og målet er at ein av dei skal kunne redusere stillinga si og bruke meir tid på produksjonen heime.

- Me har valt å satse for å kunne bruke tid på dette også, fortel dei to, som er i godt selskap.

Mykje positivitet

Entusiasmen blant fruktbønder i regionen blomstrer i desse dagar. Gjennnom det treårige prosjektet "Frukt i fokus" har det vore ekstra stor satsing på faget. I år har kring 100 000 nye epletre fått jord i Sauherad.

- Det er mykje positivitet i området. Og mykje flinke folk. Eg trur ikkje ein hadde tort å satse så friskt utan miljøet og all kompetansen som finst her, erkjenner dei. Fleire unge er på banen og samarbeidskjensla er sterk. Denne veka startar så smått innhaustinga, og kjenner på ein glødande motivasjon etterkvart som epla tileignar seg djupare raudfarge.

- Det er veldig moro når ein ser at arbeidet bêr frukter. Og det blir spennande framover, erkjenner dei. Med eigne barn på eitt opg tre år er dei nå tre generasjonar saman i tunet til å forvalte familietradisjonen.

- Kva seier far?

- Han synest sjølvsagt det er moro. Men han synest me er skikkeleg galne som skal plante så mykje, humrar dei veksande eplebøndene.                    

Artikkeltags