– Eg har alltid vore interessert i hundekøyring. Eg var alltid fascinert når eg møtte på Jarle Opheim og andre, seier Halldor Viskjer Eide.

28-åringen frå Odda har vore mykje på Hardangervidda, og vart bestemt på å skaffa sitt eige hundespann etter at han og jakthunden Nero var på langtur. Våren 2019 kjøpte han sin første Alaskahusky.

– Eg hadde inga erfaring då eg begynte, men har fått vera med Jarle Opheim og Inge Sæter på tur, fortel Eide.

Han var busett i Skare då interessa for hundekøyring tok av, og møtte etter kvart Sunniva Espeland frå Jondal. Ho hadde alt to trekkhundar, og saman kjøpte dei raskt ein til.

Flytta

– Det er veldig viktig med ei dame som har same interesse. Eg hadde ikkje turt å satsa så mykje åleine, kommenterer oddingen.

I fjor haust flytta paret og Sunniva sine to døtrer til Møsstrond, og i skrivande stund har dei 19 hundar. Nokre av desse er kvalpar som dei vil selja, og nyleg kjøpte dei leiarhund frå Robert Sørlie.

Fordelen med å bu på Møsstrond, som ligg 985 moh., er at dei kan køyra hundespannet direkte frå garden og ut i løypene.

– Vi får god hjelp frå bror og far hennar. Dei bur i Jondal, men broren vert no naboen vår her, rosar hundekøyraren.

Til dagleg jobbar han som leiar for elektroavdelinga på anleggsverkstaden til Skanska på Skedsmokorset. Då tek Sunniva ansvaret for born og hundar åleine.

Trening

– Vi prøver å få til så mykje trening som mogleg, og er ute kvar dag i helgene. I haust vart det kring ti mil kvar helg, forklarar hundekøyraren.

Målet er langdistanseløp som Femunden og Finnmarksløpet, men i år er alt avlyst. Møsstrand husky har no hatt oppdrag for DNT, og hundekøyringa er eit felles prosjekt for heile familien.

– Vi satsar på å ha to spann med kring åtte hundar slik at vi kan reisa på turar saman. Ungane har eigen slede, fortel Eide.

Også jentene Mia (7) og Emma (snart seks) synest hundekøyring er stas. For hundekøyringa er eit skikkeleg familieprosjekt; i sommar skal dei tre kvalpane bu hos svigermor i Jondal.