Klart for fargerik andekamp

FOLKSAMT: Andeløpet ved slusa i Lunde samlar mykje folk. Her frå fjoråret.

FOLKSAMT: Andeløpet ved slusa i Lunde samlar mykje folk. Her frå fjoråret. Foto:

LUNDE: Laurdag er det klart for det populære andeløpet ved Lunde sluse. I år har ulefossingane også fått eigne ender.

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

- Det er liksom nytt av året. Raude ender til ulefossingane, fortel primus motor for det årlege andeløpet, Inge Gregresen.

Frå før finst hundrevis av gule ender til lundheringane, og eit mindre parti blå, mynta på bøheringane. Det ligg med andre ord godt til rette for litt ekstra rivalisering bygdene i mellom i år, for tiltaket som er det største og viktigaste økonomiske bidraget til IL Skades fortballgruppe.

- Arrangementet har blitt veldig populært. Det samlar mykje folk, samstundes som det gir viktige kroner til fotballgruppa, understrekar Gregresen. Andeløpet sikrar fotballgruppa nærare 300 000 kroner.

- Det ligg mykje dugnad til grunn blant mange her. Fleire gjer ein kjempeinnsats for å få det til. Men mange opplever det som ein triveleg og litt artig måte å jobbe dugnad på også, hevdar han.

Populært arrangement

Alle deltakarane kjøper lodd på ei eller fleire ender, som sidan blir slepte ut i Lunde sluse. Med litt ekstra vassføring frå slusekammeret får endene god fart på strekkjet som tel 300-400 meter. Ein god halvtime seinare når som regel første anda målstreken, og nummeret på anda ser ein kven som blir den heldige vinnaren av toppremien på 25 000 kroner. 

- Det har blitt eit triveleg og familievenleg arrangement. Og med ein god toppremie, er det både spennande og populært å delta, seier Gregresen om dei kring 2 000 endene som knivar om målgangen. Eit triveleg miljø kring det heile er også etablert. Musikk og servering pregar også i år området heile dagen. 

- Også turistar har fatta interesse for arrangementet og sikra seg overnattingsplass i området denne helga. Det er veldig artig, slår Gregresen fast, som ser moglegheiter for å utnytte arrangementet ytterlegare.

For utan Sluserock har andeløpet blitt Lundes største arrangement langs kanalen. I år skjer det for femte gong, og kring 2 000 personar er venta.

Artikkeltags