- Disse damene er bare helt fantastiske

GOD HJELP: Kvar femte veke vitjar rettleiarar i Nav Fyresdal Åse Wrålid (t.v.) og Sissel Heier Husstøyl Arendal fengsel avdeling Kleivgrend i Fyresdal. Hit kjem også rådgjevar/tilbakeføringskoordinator i Kriminalomsorgen i Arendal fengsel, Tove Løvik Johansen (t.h.). «Albert» (30) fullrosar tilbodet brukarane av staden med dette får tilgang til. FOTO: INGEBJØRG BØ

GOD HJELP: Kvar femte veke vitjar rettleiarar i Nav Fyresdal Åse Wrålid (t.v.) og Sissel Heier Husstøyl Arendal fengsel avdeling Kleivgrend i Fyresdal. Hit kjem også rådgjevar/tilbakeføringskoordinator i Kriminalomsorgen i Arendal fengsel, Tove Løvik Johansen (t.h.). «Albert» (30) fullrosar tilbodet brukarane av staden med dette får tilgang til. FOTO: INGEBJØRG BØ

Artikkelen er over 4 år gammel

FYRESDAL: Samarbeidsordninga mellom Nav Fyresdal og Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend i Fyresdal, har spart «Albert»(30) og «Mario» (27) for mange frustrasjonar.

DEL

Kvar femte veke vitjar to Nav-tilsette i Fyresdal Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend i bygda. Da kan brukarane av staden stille spørsmål om økonomi, jobb eller bustad, få hjelp til søknadsprosessar og gjere overgangen til kvardagen mjukare når soningstida er avslutta. Ordninga har synt seg å ha stor verdi for mange. «Albert» (30) er ein av dei som flittg har nytta seg av tenesta etter at ho vart etablert i fengselet i haust. Og han sparar såvisst ikkje på superlativa.

PRISGJEVEN TENESTE

– Dei damene der er bare heilt fantastiske, seier «Albert» overvelda. Han har hatt litt å avklare og ordne opp i etter at soningstida hans starta, og den jamlege kontakta med den offentlege tenesta har vore til stor hjelp.

– Eg har einebustad heime og barn å forsørgje. Når inntektene stoppar opp blir det fort problem, fortel han og har kjempa for ordningar som ivaretar desse.

– Eg håpar det ordnar seg. Nav-damene i Fyresdal har iallefall bistått med alt dei kan, rosar han.

EFFEKTIVE PROSESSAR

Gjennom besøka til Nav i Fyresdals-fengselet har«Albert» fått hjelp til å komme i kontakt med dei rette personane i heimkommunen sin, komme i gang med viktige søknadsprosessar og budd seg på kvardagen som ventar på utsida.

– Ved siste permisjon reiste eg direkte på Nav-kontoret heime, oppsøkte sakshandsamaren eg hadde oppretta kontakt med, og fekk ordna alt kjapt og greitt, fortel «Albert» og syner til ein effektiv prosess. For med papirmøllene som ofte er, og bomturane som oppstår i freistnad på å komme i kontakt med dei rette menneska, kan ta gnisten av nokon og ein kvar. Og det er noko Nav-tenesta i skogsleiren i Kleivgrend freistar å hindre.

ERFARE Å FUNGERE

– Med avgrensa tilgang til både nett og telefon er det frustrerande å ikkje få tak i folk. Me veit brukarane føler veldig på det, seier rettleiarar på Nav Fyresdal, Åse Wrålid og Sissel Heier Husstøyl. I forkant av kvart fengselsbesøk har dei mottatt ei liste med spørsmål dei avklarar i forkant av møtet. Trafikken varierer. Nokre gonger er det tre-fire. Andre gonger både 10 og 12 av dei 28 brukarane som har noko på hjarta og nyttar seg av tenesta i fengselet. Rådgjevar/tilbakeføringskoordinator i Kriminalomsorgen i Arendal fengsel, Tove Løvik Johansen, rosar ordninga.

– Fleire brukarar har tidlegare ulike opplevingar av Nav, og det er verdifullt og oppløftande å erfare at systemet fungerer, seier Løvik Johansen, som erfarer at mange gjennom dette ser positivt på tida som ventar etter soning.

– Ein slepp å stå der med posen i handa og ikkje vite nokon ting. Det kan få uheldige utfall, legg ho til.

BETRE FORARBEID NÅ

«Mario» (27) mista bustaden sin ved førre soning. Det var stigmatiserande.

– Eg hadde ikkje lenger nokon stad å bu og måtte flytte tilbake på guterommet mitt hos mamma. Det fungerte ikkje så bra, vedgår han. Denne gongen har han gjort betre forarbeid. Han har to månader att på skulebenken, og gjennom Nav-tilbodet kjempa for å ha ein bustad å komme til.

– Viss det ikkje ordnar seg nå, er det systemet som er problemet, ikkje tenesta her, seier han, takksam for tilbodet som er.

Alle norske fengsel skal ha ei ordning med offentleg tenestetorg. Men praksisen, oppfølginga og tilrettelegginga varierer.

Artikkeltags