Det seier Ingelin Westeren (40) om romandebuten «Musikk for folk i trøbbel». Ho kjem frå Møsstrond, har budd nesten heile sitt vaksne liv i Oslo, men no er adressa Bø.

– Eg er glad for å vere ferdig, seier ho og er spent på vurderingar og terningkast. Adresseavisen og Dagens Næringsliv er i skrivande stund dei einaste som har kome med sin dom.

– Eg fekk ein femmar i «Adressa». Meldinga i DN var meir lunken, men det var ikkje noko terningkast, heldigvis, seier med latter i stemmen.

På innsida av Nav

Me sit på kjøkenet på den idylliske garden i Forbergvegen, to kilometer frå Bø sentrum.

– Her er det mest koseleg, seier ho om huset dei er i ferd med å gjere til sitt.

Boka ho har skreve, er ein roman frå innsida av eit miljø me sjeldan høyrer frå, nemleg Nav. Der har ho jobba sidan 2014 i ulike rollar, men ho har og jobba i Oslo kommune.

– Det er litt spesielt å skrive ei bok fra min arbeidsstad. Det er sant, men eg kunne ha skreve om den same boka med samme utgangspunkt om eg hadde jobba i barnevernet, skulen eller andre offentlege instanser. Nav er min tilfeldige inngangsvinkel.

På spørsmål om romanfiguren er fakta eller fiksjon svarar ho at den er høgst verkeleg.

– Men det er sjølsagt ikkje ein reell person, men den kan finnast der ute.

Dette er utgangspunktet for hovudpersonen:

«Ida går på Nav. Ho har ikkje fullført vidaregåande, og til saman har ho jobba tjue dagar i det ordinære arbeidslivet. Mor hennar har vore inn og ut av sosialkontoret så lenge Ida kan hugse, og no må Ida hjelpe henne med å flytte inn på hospits.»

– Det er noko som skjer det. Men det opplevast fortvilande og sårbart. Eg trur det er noko av det verste som kan skje. I kvart fall når samfunnet er så ordna, velfungerande og smurt, så kjennest det som eit veldig utanforskap, trur ho om det som er andre generasjon navbrukar.

Akkurat flytta

Dei har akkurat flytta hit etter å ha leigd eit småbruk eitt år.

– Me ville ha ein gard og leigde eit småbruk før sjansen kom. Me har leita febrilsk før dette dukka opp.

I Oslo møtte ho svenske Erik som kom til Noreg for å leve eit friluftsliv.

– Me fant ut at me høyrer heime på bygda, men me er samstundes litt urbane. Bø har begge delar, og det går tog til Oslo, ler ho.

Dei har store planar for garden, og då er det kjekt å ha ein handyman i huset.

– Erik er tømrar. Planen er å pusse opp huset først og så hagen, låven og stabburet etterpå.

Dei startar roleg.

– No har me to bikubar og fire høner. Så får me se kva med finner på, enten om me vil bli gode på birøkt, gode på grønnsaker eller noko anna.

Flytta tidleg

Ingelin er fødd og oppvasken på Møsstrond. Men vegen vidare kom tidleg.

– Eg måtte flytte når eg var 16, og starta på vidaregående skule på Dalen. Etter det har eg budd i Oslo i nesten heile mitt vaksne liv. Hovudstaden var tenkt å vere midlertidig, men har blitt langvarig.

Undervegs i skriveprossen har hatt fri ein dag i veka, og førebels trur ho det er mest aktuelt med ein kombinasjon av skriving og kontorjobb.

– Det hadde vært fantastisk, elles trur eg hadde blitt rastlaus.

Ho har meir på lager.

– Eg har to idear, eg har lyst til skrive å meir. Det blir to romanar, stadfester ho.

Og det står ikkje på oppmuntringer, med mannen Erik som heiagjeng.

– Eg er heldig med det. Han har oppfordra meg til å skrive. Undervegs har eg og vore heldig som har ungar som sover, slik at eg har kunne skrive i permisjonstida.

Ho har valgt å skrive på nynorsk.

– Eg mistar nokre lesarar i Groruddalen, men det får stå til. Vi får se om boka blir ei døgnfluge.

Boka er gitt ut på Det norske samlaget som er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Dei gir ut om lag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.