– Eg har sendt ei bestilling til kommunedirektøren på ei sak om mogleg forbod mot å køyre gjennom Ringseva, seier ordførar Bjørg Tveito Lundefaret til TA.

Det handlar om Ringsevja, ei historisk gate som er i endring. Ringsevja er Ulefoss sentrum som strekker seg frå Ringsevja bo- og servicesenter (Ribo) til rundkøyringa.

Endringane er lett å se for alle som er i gata, men Gunnar Sanden i Holla historielag har med sine innlegg på Facebook fått fleire på banen, og han er glad for endringene.

– Det skjer mykje positivt. Ringsevja var litt i bakevja, men no har fleire hus blitt pussa opp, og andre er i gong, seier han.

Eidebygget borte

Det mest synlege teiknet på endring er eit stort hol omgitt av eit gjerde. Her stod Eidebygget. Det som ein gong var ein slaktarbutikk, og ein populær treffstad.

Namnet fekk det etter Olaf Linus Eide, som bygde det som eit slakteriutsal, tidleg på 1950-talet.

– Han hadde ein produksjonseining bak butikken der han laga pølser og alt mogleg, fortel Sanden.

Men nå er huset som har stått der i over 70 år borte.

– Vemodig

– Det er litt vemodig å se bileta av huset som er borte. Eg har vokst opp i den bygningen. Både mamma og pappa jobba der, fortel Elisabeth Eide. Bestefaren var slaktar, og pappa var pølsemakar.

Fram til 1987/88 var dette staden for gode kjøtprodukt, og pølsene er det mange som huskar godt framleis.

– Dei er verdskjende på Ulefoss, seier Sanden. Det er og tydeleg på Facebook der mange fortel om si oppleving av pølsene. Oppskrifta er borte med pølsemakaren. Men dottera Elisabeth eide kan røpe den største løyndommen, som var røykovnen i pølsemakeriet. Elles var nok smaken bygd på god råvarer.

– Pappa blanda ikkje ut pølsene for å bruke mindre kjøt eller fett. Han gikk for god smak slik farfar hadde lært han.

Men det var ikkje berre pølsene. Trappa på utsida er eit kjært minne for mange.

– Sjøl om eg var ei Eide-jente satt eg også på trappa og venta på å kome inn i ein varm bil. Det høyrast ille ut, men den gongen hadde me ikkje andre alternativ enn å henge på stripa i ungdomsåra, forklarer Elisabeth.

Eidebygget har og vore advokatkontor i mange år. Men nå skal det byggast leiligheiter, utan at det vekker harme i historielaget.

– Nokre har tatt til orde for å bruke bygget og ikkje rive det. Men når eit bygg blir ståande halvtomt, så er ikkje det bra heller.

Sanden er glad for den positive trenden med oppussing på Ringsevja, særleg Heggens pensjonat.

– Det har stått der som ein dårleg reklame, men nå er det verkeleg i ferd med å skje noko, seier han. Men meir må til.

– Ringsevja er fin, men når ikkje sitt potensial før det blir gjort noko med trafikken. Eg skjønar ikkje kvifor det er lov å køyre mellom rundkøyringa og riksvegen, så lenge det er ein raskare og sikrare veg rundt, seier Atle Grotmol som har sett fleire ulukker og farlege situasjonar. Nå vil ordføraren følge opp, og har bedt kommunedirektøren om å lage ei sak som skal handsamast av politikarane.

– Ringsevja har blitt rusta opp av flinke huseigarar, no kan kommunen bidra til å gjere noko med trafikken.