– Det er greit å ha skogen så nære, seier Birgitte.

Ho står ved arbeidsbenken ved låven, der to nylaga kransar ligg klare. Den eine tjukk og kraftig av røsslyng, den andre med fin blåbær- og tyttebærlyng, ispedd raude rognebær.

Då Birgitte møtte mannen sin Per Arild for 24 år sidan var ho sikker på at ho skulle bli blomsterdekoratør. Slik gjekk det ikkje. Ho snudde om og utdanna seg til å arbeide i barnehage. Nå er kransebinding og blomsterdekor den store hobbyen hennar.

På instagramkontoen til Birgitte kan du la deg inspirere. Der har ho fotografert mange av kransane, både vinter, vår, sommar og haust.

Mannen må hente

Birgitte bur sammen med mann og datter i eit lite, kvitt hus på Brekka i Haugsjåsund, ti minutts bilveg sør for Treungen.

Her er skog og hei tett innpå huset, og Birgitte er ofte ute på tur for å finne naturmateriale. Av og til finn ho for mykje fint på turane sine, då må ho ringe Per Arild slik at han kan hente både henne og naturskattane ho har funne.

– Dersom eg kjem over fin drivved for eksempel, då er det greit å ha ein bil med lasteplan, seier Birgitte og smiler.

– Dette er ein fin aktivitet ute, gå tur og samle materiale. Det kan vere lyng, strå, sommarblomar i grøftekanten, granbar eller andre ting. Alt kan brukast.

Gode tips

Ofte brukar ho hønsenetting for å lage den runde innerkransen som ho festar lauv og lyng i. Hola i nettingen gjer det enkelt å feste bukettane.

– Eg lagar små bukettar og stappar dei inn slik at eg får tetta alle hola i kransen. Med ein slik krans av hønsenettig blir avslutninga finare, forklarar Birgitte.

– Dessutan kan du bare skifte ut delar av kransen dersom noko av det visnar, eller blir stygt, legg ho til.

Men du kan også bruke kvistar som du formar til ein ring, bjørk er godt materiale då, får me vite. Halmkransar, kansar av papiravis, eller ståltråd, moglegheitene er mange.

Er det lyng, mose eller bar, er Birgittes tips å spraye dei ferdige kransane med hårlakk, gjerne den billigaste frå First Price. Den er supersterk og vernar både fargar og fasong.

– Men sommarkransar kan du ikkje spraye, dei varar ikkje så lenge. Men dei er så vakre og det er nydeleg å lage ein krans for å pynte opp til sommarfesten, seier ho.

Sommarkransen kan du legge i vassbad først, eller du kan putte fuktig mose inn i kransen så held han seg litt lengre.

– For meg er det å lage dekorasjonar, som desse kransane, både hobby og terapi i eitt, forklarar Birgitte.

Dessutan er ein krans ei koseleg gåve å gje bort.

FAKTA

Ein rund krans symboliserar evig liv. Kransen har ingen start og ingen ende. Me heng opp grøne kransar på døra til jol, og brukar kransar i gravferd.

I gamle dagar var det vanleg å ha kranselag når taket på huset var ferdig. Då blei kransane lagt på mønsåsen på huset.