Kor mange glas tåler fotballen?

Varden-tribunen på Skagerak arena.

Varden-tribunen på Skagerak arena. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

KOMMENTAR: Idrett utan Alkohol er bekymra for meir alkohol på Skagerak Arena.

DEL

I dei siste dagane har me lese fleire artiklar om alkoholproblema til tidlegare sjefsredaktør i Varden, Lars Kittilsen. Omtrent samtidig melder avisa Kittilsen tidlegare jobba i og TA at Odd vil ha meir alkohol på stadion. Direktør Håndlykken kaller det ei skrittvis utviding. Idrett Utan Alkohol er bekymra for dette skrittet - og for kva som blir det neste.

Lars Kittilsen sett eit viktig søkelys på at det er stadig færre arenaer som er alkoholfrie, og at alkohol blir meir normalisert og romantisert. Nå bidrar også fotballklubben Odd til lettare tilgjengelighet for alkohol. Dette til tross for at Norges Idrettsforbund har nedfelt i sitt regelverk at dei ynskjer ein alkoholfri idrett.

ALKOHOLFRIE SONER

Statens Institutt for Rusmiddelforskning meiner at 90 000 nordmenn har eit risikofylt bruk av alkohol, og at dette påverkar mellom 50 000 og 150 000 barn. For desse er det ekstra viktig med alkoholfrie soner.

Men kanskje er det like viktig for oss andre at ikkje alt sosialt samvær blir dynka i alkohol? Kva gjer det med kulturen vår dersom dei alkoholfrie arenaene blir borte?

PÅ TVERS AV IDEAL

Me er skuffa over at også fotballklubben Odd går på tvers av gode idrettsideal og det idretten står for. Norges Idrettsforbund vil at tribunekulturen skal vera trygg, familievennleg og alkoholfri. 8 av 10 nordmenn ynskjer heller ikkje alkohol på idrettsarrangement der barn og unge er tilstades (Synovate, 2010).

Idrettsarrangement er for heile familien, og det skal vera trygt og hyggeleg å ha med seg barn. Me må leggja til rette for gode og trygge rammer rundt unge sine idrettsopplevingar. Det er sterke kjensler i sving når favorittlaget vinn eller tapar, og det er både spennande og sosialt å vera med og heia. Me veit at dersom alkohol blir ein del av det å heia, vil det verka ekskluderande for mange grupper. Alkohol fører til at barn og unge blir stengt ute. Når mange drikk og presset aukar, blir det ubehageleg og vanskeleg for dei som veit at dei ikkje bør drikka eller dei som ikkje ynskjer å drikka. I tillegg veit me at alkohol saman med sterke kjensler ofte fører til bråk, slåssing og ubehagelege situasjonar for alle.

Gjennom Idrett Utan Alkohol jobbar DNT-Edru Livsstil saman med idretten for ein alkoholfri idrett – til kvardags og på arrangement. Me treng fleire alkoholfrie soner, ikke færre. For at tribunane skal være åpne og trygge må dei også vera alkoholfrie. Det er et politisk ansvar å sørge for dette.

FRISTAD

Andre serverer alkohol på stadion, så då må vel Odd gjera det også? Det seiest at det går bra andre stader … Gjer det det? I fjor ville justisministeren i Sverige ha restriksjonar på alkoholservering i samband med fotballarrangement. Tidlegare landslagsspelar Henrik ”Henke” Larsson spurte om ein burde stengja pubane før større fotballkampar. Politiet i Stockholm seier at dei ser ein klar samanheng mellom alkoholpåverknad og vold rundt fotballkampar. Europarådet har gitt råd om å redusera eller forby sal av alkohol på stadion som eit tiltak mot tribunevald.

Idrett Utan Alkohol meiner at gode fotballprestasjonar og god stemning på tribunen held i massevis som god underhaldning!

Alkoholbruken aukar i samfunnet – og alkohol blir vanleg på stadig fleire arenaer. La idretten fortsatt vera ein fristad der alkohol ikkje høyrer heime – til glede for alle!

Artikkeltags