Terningkast 4: Spennande møte

Artikkelen er over 13 år gammel

Når Telemark Kammerorkester omsider gir ut ein lenge planlagd cd, er det krevjande stoff dei har å by publikum.

DEL

Alle dei tre verka er musikk frå vår tid. Frå Bjørn Kruses fiolinkonsert, tinga og urframført av Lars-Erik ter Jung og orkesteret for tre år sidan, videre til Gisle Kverndokks «Omriss» til tekstar av sauheradlyrikaren Liv Holtskog, og til Henrik Ødegaards «Nyslått» for to hardingfeler og strykeorkester.

Den blei komponert til og urframført ved innleiinga til Myllargut-året.

På cd-en, som på opningskonserten i april 2001, er Bø-spelemennene Per Anders Buen Garnås og Torgeir Straand solistar.

HARDINGFELA BEST

Som ein kan vente, er det teknisk sett ingenting å innvende. ter Jung er ein av landets fremste på fiolin, og som orkesterleiar maktar han å få musikarane til å yte sitt aller beste.

Bjørn Kruses «Nostos» har dessutan ein tonalitet som gjer verket «spiseleg» for fleire enn svorne tilhengarar av ny musikk.

Det same kan vanskeleg seiast om Kverndokks «Omriss» med ni strykarar og vokalensemblet Cor. Visst er det vokale prestasjonar av høg klasse, men her blir dissonansane nesten manierte, og tekst og tonar smeltar sjeldan saman.

Truleg er det tretti år med nærleik til hardingfeletradisjonen som slår ut. Iallfall er det slik for underskrivne at først når hardingfeleklangen gjer seg gjeldande, blir det for alvor spennande å lytte til denne cd-en.

Sjølv om Per Anders og Torgeir her må rette seg etter eit partitur og aldri får sleppe seg laus i ein real kadens, er Ødegaards «Nyslått» med på å gi albumet ein identitet det elles ikkje ville hatt.

MÅ DET VERE ENGELSK?

Cd-omslaget har lite å fortelje om innhaldet. Skriftgraden er dessutan så liten at teksten knapt blir leseleg.

Ein må vidare truleg berre akseptere at utgjevarane ønskjer å meddele seg på engelsk, men eg sit med ei beklemmande kjensle av at her har kvalitetssikringa svikta.

For skal det først vera engelsk, bør ein vel unngå formuleringar som tvingar ein til å tenkje Tande P?

Artikkeltags