Gå til sidens hovedinnhold

Terningkast 5Solvarm latinojazz

Artikkelen er over 17 år gammel

Dette er inga joleplate, men for ei jolegåve til han eller ho som likar å drøyme seg bort til nattstille, ennå solvarme tropestrender med bølgeskvulp, ein bacardi og kjærasten innan rekkevidde.

Dette er, som plata heiter, eit hefte på knapt 40 minuttar, men dei ti spora er til gjengjeld meir enn nok til å varme sjela med spenstige rytmar og kammerjazz som ein sjeldan høyrer maken til her på berget.

Hilde Heftes slentrande og i denne samanhengen absolutt innsmigrande røyst smyg seg gjennom karibisk synkopering på så vel engelsk som eigne norske tekstar.

Med i kvintetten som gir henne den musikalsk sett best tenkjelege oppfølgjing, er Egil Kapstad, piano, Hallvard Kausland, gitar, Finn Hauge, munnspel, Bjørn Alterhaug, bass, og Eyvind Olsen, trommer.

Ei plate som både vokalt og instrumentalt er eigna til å varme frostige sjeler. Absolutt unorsk.