Her er det slåttespel som med tekstheftets eigne ord kan karakteriserast både som «sjokkerande» og «skremmande», og slik må det sjølvsagt bli når to utøvarar av dette kaliberet kjem saman.

Daniel Sandén Warg, svensken som har gjort setesdøl av seg, og Per Anders Buen Garnås, ungguten frå Bø som for lengst har spela seg inn i meisterklassa, er kvar for seg så dyktige at så å seie alt dei tek i, blir til gull. Tradisjonelle og velbrukte feleslåttar blir til virtuose storverk når dei lyfter bogen. Og saman - ja, så blir dei dynamitt.

Her vekslar det som ein kan vente mellom Setesdal og Telemark. Daniel held seg i stor grad til gangarar på flatfele, og ein rivande setesdalsgangar er eigna til å vekkje den mest likesæle lydar frå tornerosesvevnen. Han spelar med eit nesten usannsynleg driv, og kanskje er «Skorsvikjen» eit høgdepunkt på cd-en. Daniel demonstrerer også rivande munnharpespel, ikkje minst er det - ja, nesten «sjokkerande» å høyre slåtten etter Gunnar Heddi spela på ei D-harpe.

Til innspelinga har Per Anders stort sett teke med seg slåttar frå Møsstrond, Tinn og Tuddal, og alt i kutt nr 1, «Triløytingen» etter Johannes Dahle og Olav Øyaland, høyrer ein meistertaktene. Han gir elles til beste utsøkte versjonar av «Høyversdagen» og «Sigurd Jondalen» og ikkje minst ein springar etter Håvard Gibøen som Per Anders meiner er ein av dei mest skremmande etter spelemannen frå Møsstrond.

På fire spor høyrer vi dei to i samspel, i enkle, men velklingande arrangement. På plateomslaget og i tekstheftet møter vi to alvorsame spelemenn. Men lat deg ikkje lure, ikkje minst i samspelet kjem det gode humøret fram. Kanskje aller mest i den lette og sjeldent spela polkaen etter Olav Flåto frå Hovin, den 21. og siste slåtten på denne flotte Ta:lik-produksjonen. Slik skal det spelast!