Her er 250-årsjubilantens florlette, elegante, innsmigrande og melodiøse fiolinkonsertar (D-, G- og A-dur) med vår eminente Marianne Thorsen som solist med TrondheimSolistene, under leiing av Øyvind Gimse, i ein produksjon der opptaka er gjort i Selbu kyrkje - heilt utan selbuvotter.

Betre kan det knapt gjerast på norsk, samspelet er utan plett og lyte, og Thorsens varme tone (frå ein Pressenda-fiolin frå 1821) vibrerer med ein sjeldan intensitet alle ni satsane igjennom.

Kvifor konsertane ikkje kjem i logisk rekkefølgje? Kanskje for å få den vidunderlege menuetten i A-dur-konserten som avslutning&

Utgjevaren er raus. Heile 79 minuttar, og til overmål i to utgåver: også i Super Audio-cd for den som har avspelingsutstyret i orden.