Truleg er det ikkje for mykje sagt at den høge kvaliteten i norsk korsong (vi hentar oss jamt heider og ære i internasjonale konkurransar) kan tilskrivast yngleplassar som Sølvguttene.

Nå er det Fredrik Otterstad som dirigerer, og den første cd-en han og koret gir ut, er naturleg nok tileigna Torstein Grythe. «Julemesse» er ikkje ei heilt vanleg juleplate, men bygd opp med kjende og kjære jolesalmar i veksling med innslag av «kyrie» og «gloria» frå ulike komponistar - frå Palestina til Wolfgang Plagge. Viktige medspelarar er elles Ellen Sejersted Bødtker på harpe og Kåre Nordstoga på orgel. Dei instrumentale innslaga gir albumet tyngde og høgtid.

Og Sølvguttene - sjølve koret? Dei har sølv i strupen alle saman, og dei fem solistane har gull også. Høyr berre Cesar Francks skjønne «Panis Angelicus»!