Det kan vera så som så å høyre godt skulerte klassiske songarar prøve seg på jazzballadar. Som det kan vera å oppleve utøvarar skifte frå opera- til folkemusikkscenen. Ikkje så enkelt som somme kanskje vil ha det til. Men ein slik diskusjon stilnar brått når ein kvedar av Ingvill Marit Buen Garnås' format tek tonen og syng «Nu solen går ned» i Tuddal-tradisjon. Det er kveding «på gamlemåten» der så vel form som innhald er ivaretatt fullt ut, mellom anna med førsteklasses tekstuttale og med den tonaliteten vi gjerne forbind med den særnorske folketonen.
For første gong har søskenparet frå Bø gått saman om eit album, og i «Salme, segn & solbøn» yter dei sitt aller beste. Ingvills kveding er nemnt, og Per Anders' slåttespel er fullt på høgde. Det er både eld og blod i «Domedagsslåtten» og «Møllargutens siste slått», og å få «Kivlemøyane» både etter Torkjell Haugerud og Håvard Gibøen på same plate er ei gåve til alle folkemusikkelskarar. Her er perfeksjon til fingerspissane.
Cd-en er sjeldan gjennomkomponert og heilstøypt. Her blir tonar frå førkristen tid smelta saman med mellomaldersk musikkmateriale og framført med ein sterk sans for det aller beste i telemarkstradisjonen.