Etter å ha fullført arbeidet med den store g-moll-kvartetten i 1878 kunne komponisten «slappe av» med ein kjær hobby: Arrangere folkeviser for mannskor. På denne innspelinga frå Ris kyrkje i Oslo (sjølvsagt i høve Grieg-jubileet) får vi eit dusin av dei, og det blir eit gledeleg gjenhøyr med perler som «Bådn-Låt», «Røtnams-Knut» og «Dejligste blandt Kvinder».
Damene i koret skal også ha sitt: Mange år seinare gav Grieg ut «Syv barnlige Sange» til tekstar av Nordahl Rolfsen, og her syng sopranar og altar «Lokk», «Kveldssang for Blakken» og fleire av dei velkjende barnesongane hans. Heile koret samlar seg så til kormusikk i stort format - «Våren», «Ave Maris Stella» og vakre salmer som «Pinsesalme og «I Himmelen.
Albumet fortel om eit kor med bortimot perfekt balanse og klangbehandling. Tekstuttala er av første klasse, og Lindberg-laget er garantistar for så vel lyd som cd-innpakning.