Terningkast 5: Gregoriansk mot stress

Av

Gregoriansk song evnar også i vår tid å rive eit stort publikum med seg; for få år sidan toppa eit spansk munkekloster bestseljarlistene over heile Europa.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les TA+ i 5 uker for KUN 5 kr!

Dei åtte medlemene av vokalensemblet ved Oslo domkyrkje er alle utrusta med eit uvanleg flott stemmemateriale, og songen deira står ikkje tilbake for listetoppane til dei spanske klosterbrørne.

Under leiing av Alexander Schweitzer behandlar dei songar for fastetid og påske med suveren kontroll, og når Lindberg Lyd står for produksjonen, er lydbiletet som ein kan vente utan plett og lyte. Ein skulle kanskje tru at meir enn 70 minuttar blir i meste laget, men såpass må det vera dersom medisinen skal verke. Medisin? Ja visst – probat middel mot stress og karrierejag.

Artikkeltags