Gå til sidens hovedinnhold

Terningkast 5Gledeleg gjenhør med Dvergmål

Artikkelen er over 17 år gammel

Underskrivne var blant dei 300 heldige som fekk oppleve Blix-konserten til Dvergmål i Ål kyrkje våren 2002. Dette året var det 100 år sidan den store nynorske salmediktaren døydde, og Den norske folkemusikkveka feira Blix med å vekkje til live kvartetten som kasta slik musikalsk glans over Ivar Aasen-jubileet i 1996.

Konserten har sidan suksessen på Ål (tidd i hel av journaliststreik for meir ferie) vore framført berre få gonger, ein gong i Lårdal kyrkje under Viser ved kanalen 2003. Denne konserten låg det stor symbolverdi i, ettersom det var der ein Blix-salme første gong vart sungen – under joledagsmessa 1884. Og av di nynorsk da var ulovleg å bruke i kyrkjeleg samanheng, måtte det eit lovbrot til. I dag er det heldigvis ingen som stussar når orgel og kyrkjelyd legg i veg med «No livnar det i lundar».

Så mykje om bakgrunnen for denne kulturpolitisk viktige utgjevinga som elles fortel at dei fire i Dvergmål har gjennomgått ei solid musikalsk utvikling på dei åtte åra sidan Aasen-songane. Både Jon Anders Halvorsen, Marit Mattisgard og Øyonn Groven Myhren har gitt ut eigne solo-plater, og Turid Spildo viser også at ho har lagt alen til sin vekst, både som kvedar og hardingfeleutøvar. Ho er med og gjer den vakre «Eg trur» til ein tone frå Hardanger ekstra vakker.

Kva er det med Blix som gjer at folkemusikkutøvarar går bort og lagar ein heil cd av tekstane hans? Mykje av forklaringa ligg nok i at Blix sine salmar og songar er sprungne ut av ei sterk kjensle for norsk natur og kultur og ligg så nær opp til norsk folkemusikk og norsk folkeleg kultur. Stundom er det som tekstane hans «sprutar av enderim, innrim og bokstavrim», og Dvergmål har vist ein nesten usannsynleg kreativitet når det gjeld å finne folketonar som høver til desse tekstane. Som ikkje berre er salmar – heldigvis har Blix også gitt oss meir verdslege viser, som for eksempel diktet om «Songfuglen». Kvartetten opnar heile cd-en med desse velforma versa i utsøkt samsong, og tonen er ein voggande springar av numedalsspelemannen Arne Olsen.

Som vanleg når Øyonn Groven Myhren er med, kan ein gle seg over eit særdeles innhaldsrikt og velforma teksthefte. Ho spelar dessutan lyre og seljefløyte, Turid Spildo hardingfele som nemnt, Marit Mattisgard trakterer langeleik og Jon Anders frå Lunde er med på harmonium.