Terningkast 4: Friske Fyresdal-tonar

Artikkelen er over 12 år gammel

Ungdommane bak cd-en Fivrelddans med tekstar av Fyresdal-forfattaren Haakon Lie (1884-1970) overraskar positivt.

DEL

Til å vera nybrottsarbeid og lokal kulturreising er det både musikalsk kreativitet, humor og innsikt å møte på den forseggjorde, 55 minuttar lange produksjonen.

Forstmannen og diktaren Haakon Lie er ukjend for dei fleste i dag, også i Fyresdal er det grunn til å tru. Men dikta hans er konkrete og ofte humoristiske, og fyresdalmålet er det ingen tvil om.

Fløytarvisa blir ei heil lita bygdesoge, det blomekledde stogetaket er varleg skildra med barneaugo, og dei fire «dugurdskvildine» er ein slags slåttestev som bind albumet saman.

Musikken spenner frå rein country til visepop, og det kling ofte bra når Sugar Plum Fairies legg i veg med Øyvind Berge som vokalist og Merethe Reinskås' trompet på toppen.

Artikkeltags