Terningkast 5: Finslipte folketonar

Artikkelen er over 15 år gammel

Norsk musikkliv 2003 er nesten ufatteleg variert og rikt. Det gjeld også den sjangeren vi her i landet er heilt åleine om: norsk folkemusikk.

DEL

Ein skulle kanskje tru at begeret snart var tomt, men så veks nye utøvarar fram og fyller det på nytt, med sitt brygg og si tolking.

Ingvill Marit Buen Garnås er ein av våre aller fremste kvedarar, og ho platedebuterer no med «På Grønalihei». Albumet er sett saman av finslipte krystallar frå det folkemusikalske grunnfjellet i Telemark.

Her er bånsullar, skjemteviser, balladar og stev direkte frå kjelder som Svein Tveiten, Kari Dale og Olav Stuverud, formidla gjennom Bugge, Landstad og Lindeman.

Dette materialet formar Ingvill med sitt eige talent og temperament. I dag er det dessutan lov for ein kvedar å halde seg med tonefølgje.

På fleire av visene kan vi derfor gle oss over sobert hardingfelespel av bror Per Anders, ein fint underbyggjande kontrabass traktert av Harald Høyvik og delikat gitarakkompagnement av Anders Erik Røine som også har produsert cd-en.

Tekstheftet som følgjer med, gir produksjonen eit ekstra løft. Poesien i visene, Ingvill Marits tekstkommentarar og Kari Løvaas' foto og design utgjer til saman ei estetisk oppleving.

Sjølv har eg alt fått meg eit par personlege favorittar - den «nye» Folkestadvisa og «Ynskjande møy» til fengslande tekstar etter Åste Espelid i Lårdal og Liv Bratterud i Bø.

Men du står fritt til å velje deg dine blant dei 18 songane på Ingvill Marits generøse folkemusikkgåve.

Ingvill Marit Buen Garnås er ein av våre aller fremste kvedarar

Artikkeltags