Garden Øverland ligg fint til på Seljordshei. Den 2. juli 1684 vart det halde både bryllaup og trulovingsselskap på eigedomen. Joran Olufsdater Garvig og Thof Ouvensen gifta seg i Seljord kyrkje denne dagen medan Anne E. Øverland forlova seg med Søren Gunleichsøn Wåle.
Stor gjeld
Normalt skulle bryllaupet blitt halde på Garvik, heimen til brura. Det var slektskap mellom folket på Øverland og Garvik.
- Ei forklaring kan derfor vere at ein slo saman dei to arrangementa, skriv Sara Fjågesund Aase frå Seljord i ei bacheloroppgåve ved Universitetet i Oslo om det spesielle drapet. Der heiter det også at far til brura, Olav Garvik, var svært gjeldstynga på den tida. Gjelda hans var tre gonger formuen, det kan vere ei anna forklaring på at festen vart halden på Øverland.
Enda fatalt
Olav Garvik ville ikkje delta i samankomsten, men etter at han vart «purra» på fleire gonger, tok han turen til Øverland. Det enda fatalt. Inne i stova stakk han Torgrim Svartdal i brystet. Svartdal blei boren ut på tunet, der han døydde etter kort tid. Segna seier at der skulle det aldri vekse noko meir på staden der han tok det siste andedraget.
Dei munnlege sogene, som er skrivne ned, fortel at det var eit veldig slagsmål før knivdramaet. Rettsdokumenta fortel derimot at drapet skjedde utan nokon krangel på førehand, men offeret var absolutt ikkje tilfeldig. Far til Torgrim Svartdal skulle nemleg tidlegare ha lurt Olav Garvik i ein handel. Ifølgje rettsboka dreier kjøpet seg om ein kjele. Dei munnlege kjeldene seier på si side at det var ein hestehandel. Grunnen til dette kan vera at det verkar meir ærefullt å krangle om ein hest enn ein kjele, heiter det i oppgåva.
Da Olav fekk høyre at Torgrim Svartdal hadde tjuvlånt prammen hans for å kome seg til kyrkja, gjekk det på æra laus. Den hendinga var med å utløyse drapet for vel 338 år sidan, ifølgje Sara Fjågesund Aase.
Kniven
Kjell Steinar Brennemo held til i kårbustaden på Øverland, etter at dottera no fører tradisjonane vidare. Han har både drapsvåpenet «Rodd» og ein kubbestol som var i stova denne julidagen for 338 år sidan.
- Olav hadde to knivar, «Mutulen» og «Rodd». Sistnemnde var den slemme. Tre personar er drepne med kniven. Det er gravert inn tre krossar, den eine har dobbelt kross som viser at eitt av offera var ein prest, fortel Kjell Steinar Brennemo om våpenet som blei nytta under dramaet.
På rømmen
Etter drapet var Olav Garvik «søkk vekk». Ifølgje oppgåva til Fjågesund er det sannsynleg at han har gøymt seg i området ved Gåsdalen på Seljordshei. Folketradisjonen seier at han var på rømmen i kring sju år, blant anna i Brokefjell i Kviteseid, men det stemmer ikkje.
Dei offentlege papira syner nemleg at det var rettssak på Loftsgarden 22. november 1686, nær to og eit halvt år etter drapet. Der var det innkalla fem vitne. Rettssaka enda med at Olav Garvik, seinare kalla Mannslagaren, vart dømt til halshogging.
Avrettinga skjedde ved Seljord kyrkje i desember same året. Sambygdingen Ragnar Haugstøl, som òg kjenner soga om Mannslagaren svært godt, fortel at skarprettar Jørgen Nilsen fekk 24 riksdalar og 32 skilling for avrettinga. Han skal ha vore misfornøgd med at han ikkje klarte 100 avrettingar dette året…
Anna vinkling
- Sogene om Mannslagaren har levd på folkemunne opp gjennom tidene er og svært viktige kjelder. Desse har overlevd i den munnlege tradisjonen i området kring Seljord, men blei fyrst nedskrivne på slutten av 1800-talet. Ein kan ikkje rekne dei som like pålitelege som rettsdokumenta, men dei har ei anna vinkling på drapet enn det øvrigheita har, og det er interessant. Det tyder på at sogene har blitt til uavhengig av tingboka og rekneskapen til futen.
Dei som har skrive ned dei munnlege historiene kjente truleg ikkje til desse dokumenta. Likevel er sogene svært interessante fordi dei kan seie oss noko om korleis folk tenkte og handla, og ikkje minst om korleis eit lite lokalsamfunn klarte å finne seg i ei slik opprivande hending som eit drap, går det fram av bacheloroppgåva til Sara Fjågesund Aase.
Æresdrap
Ho viser til at æra var viktig for bøndene i Øvre Telemark på 1600-talet.
- I dokumenta frå rettssaka mot Olav Garvik ser ein at dette momentet blir avvist. Futen bryr seg ikkje om at faren til den drepne hadde lurt Olav Garvik i ein kjelehandel, eller at offeret hadde lånt båten hans i lengre tid, utan å levere han tilbake. Garvik-gardane ligg midt på Seljordstrondi, og på 1600-talet var det ikkje ordentleg veg til Seljord eller Bø. Ein var derfor avhengig av å bruke vatnet, og båten var det mest bruka framkomstmiddelet når det ikkje låg is der. Futen klarte tydelegvis ikkje å setje seg inn i Olav Garvik sin situasjon. I sogene blir dette framstilt på ein annan måte. Dei fordømmer ikkje så sterkt måten Olav reagerte mot Torgrim Svartdal på, og det blir lagt meir vekt på at det er eit æresdrap. Olav blei rekna for å vere ein bra og populær mann. Det ser me ved det blei sendt bod etter han tre gonger da han ikkje kom i gjestebodet på Øverland, skriv Sara Fjågesund Aase.
Ber om orsaking
Bergit Lisleåsheim Telnes, forresten tanta til Sara, har hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo. Ho har også studert sogene om Mannslagaren. Ho synest nesten det er litt fascinerande at lokalsamfunnet ser stadig meir positivt på Olav Garvik, etter kvart som tida går.
- Tradisjonen har tydeleg gjort alt for å orsake brotsverket hans. Eit døme på dette er ei forteljing om fantekjerringa som spådde at han skulle bli drapsmann, og at dette såleis var ei unnskyldning for den grufulle handlinga, seier ho.
Mønsteret
Bergit L. Telnes har studert drapssaker frå 1500- og 1600-talet.
- Ofte vart drapa utløyste av krangel, dei som var innblanda kom frå same sosiale lag og det hadde blitt drukke sterkt øl fyrst. Det ser ut til å vere ærefullt å slå frå seg. Ja, til og med drap vart rekna som ærerik handling. Det gav mannen status. Det blei ikkje eit velluka selskap utan ein skikkeleg krangel, seier ho.
I ein artikkel i årsskrift for Seljord sogelag frå 1995 (Kultur og historie) skriv Telnes at tjuveri derimot vart rekna som ei ærelaus handling.
- Det var slagsmål, og eventuelt drap, som var det gamle ættesamfunnet sin måte for å ordne opp, ifølgje Bergit Lisleåsheim Telnes.
Kjelder:
- Samtale med Bergit Lisleåsheim Telnes, Kjell Steinar Brennemo og Ragnar Haugstøl.
- Bergit Telnes: Kultur og historie. Årsskrift for Seljord sogelag, 1995
- Sara Fjågesund Aase: Mannslagaren Olav Garvik – ei drapssak frå Seljord. Bacheloroppgåve ved Universitetet i Oslo, 2005.