Vinje på hyttetoppen

BYGGJEAKTIVITET: Aktiviteten på grunnen til Erling Svalastog i Rauland, har medverka sterkt til byggjetoppen kommunen også i år opplever.

BYGGJEAKTIVITET: Aktiviteten på grunnen til Erling Svalastog i Rauland, har medverka sterkt til byggjetoppen kommunen også i år opplever. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

For tredje året på rad ligg Vinje kommune på topp når det gjeld hytteutbygging i landet. Grunneigar Erling Svalastog i Rauland har vore ei sentral drivkraft i dette. Og han er fortsatt offensiv.

DEL

- Medan resten av kommunen opplever fråflytting, aukar folketalet i Rauland. Ungdommen kjem heim att og det er bra, smiler grunneigar Erling Svalastog i Rauland. Han meiner turistutviklinga og hytteutbygginga i bygda har vore ein avgjerande suksessfaktor i dette. Og då kan ein like eller mislike hyttesamfunna som i dag pregar store delar av fjellheimen i Rauland. Svalastog meiner det er utelukkande positivt.

- Det er ikkje all verda ein kan drive med på fjellbygda. Og ein måtte finne på noko for å halde på ungdommen. Det har vore mi drivkraft, seier grunneigaren som per dato står for kring 400 av dei 1200 bueiningane som inngår i grunneigaravtalen hans for utbygging. 600 varme senger har han dessutan til utleige. I løpet av tre år håpar han å ha 1000 til disposisjon.

ER MEST BONDE

I 1974 braut den ingeniør- og pedagogisk utdanna mannen tvert med desse bransjane og arbeidet han hadde bak seg innanfor buss og lastebil i Nord-Noreg. Målet var heimbygda Rauland og to nedlagde gardsbruk. Med desse for auga satsa han stort på storfe og mjølkeproduksjon. Dette la grunnlaget.

- Eg er bonde. Ja, er det noko eg er så er det bonde og destinasjonsutviklar, forsikrar Svalastog, og syner til 36 år som stolt mjølkebonde framfor noko anna. På starten av 1980-talet fekk han påvist ein allergi som gjorde at han vart tilrådd å sjå seg om etter andre geskjeftar. Han såg nærare på grunnen han eigde. Og med dette leidde det eine til det andre.

- I 1982 kom først caravanplassen, med plass til 100 campingvogner. I 1984 kom Rauland skisenter, og deretter Rauland feriesenter i 1989, fortel Svalastog. Fleire i bygda medverka samstundes med gode bygdeutviklingsprosjekt og Rauland var etterkvart komen på kartet.

LANDETS DYRASTE

- Det har vore ei kraftig utvikling i bygda. Dei 350 hyttene som var på Rauland for 30 år sidan, tel i dag nærare 3800, fortel grunneigaren, og meiner ei langsiktig planlegging har æra for dette. Etterspurnaden har jamt vore påfallande. Og medan dei fleste andre norske fjellheimar opplevde overetablering av utleigehytter i 2007 og 2008, har kurva peika i motsett lei for Rauland, også når det gjeld sal. Prisen synest heller ikkje skremme nokon.

- Me har visst landets dyraste tomter. Eg synest det er litt moro eg, smiler Svalastog, tydeleg stolt over eit godt rykte bygda har klart å pleie gjennom mange år. Både Trysil og Geilo måtte med dette sjå seg slegne på byggjeaktivitet i 2008. Sidan då har Vinje halde tetplassen. Med 43 nedfartar, 17 skiheisar, eit løypenett på nærare 300 kilometer, gode fiskevatn og attraktive turområde sommar- og vinterstid, er det også etterkvart mange som vel Rauland som reisemål.

VARIGE ARBEIDSPLASSAR

- Noko av det viktigaste har vore å tenkje heilskap. Etter ei rivande utvikling på 80-talet, dabba det av og gjekk verkeleg trått i Rauland tidleg på 90-talet, samanlikna med andre. Kommunen var nølande og det stoppa opp. Mot slutten av tiåret lausna det heldigvis, og kommunen har sidan då vore veldig positiv og samarbeidsviljug, seier Svalastog. Han kan sjå tilbake på ei varig utbygging i kommunen gjennom 25 år, ein byggjeaktivitet som bare dei siste åtte åra, direkte og indirekte, har skaffa 120 nye arbeidsplassar knytt til reiseliv på Rauland.

- Å skape varig næring slik at ein har varige arbeidsplassar, har vore viktig for tilflyttinga til Rauland. Dei private hyttene har dessutan generert ei mykje større fast omsetjing i bygda enn ein hadde trudd. Ein snakkar her om ei stabil verdiskaping på 20 millionar kroner i året som følgje av desse, seier Svalastog.

Viktige grep i så måte har også han utarbeidd i si eiga Rauland Fjellgrend, for å syte for ein jamn trafikk.

STOR ETTERSPURNAD

For skal ein tru grunneigaren er det ikkje tilfredsstillande med mykje folk bare i feriar og i helgene. Ein treng heilårstrafikk, og med denne tanken har ein klart å skape ein avgjerande midtveketrafikk, med god hjelp frå fjellhungrige danskar, tyskarar og hollendarar.

Sentralbygget i Rauland Fjellgrend, Fjøllhalli, med restaurant, kro og skjenkestove stod som ledd i dette ferdig i 2000, sidan følgde Tiurtunet med 37 bueiningar i 2005, og i den nyaste fortida hytte- og leilegheiter til sal og utleige i områda Vidsyn, Leirgravstaulen og Holtar. Byggjeaktiviteten er konstant i det kring 6000 mål store området som ber preg av ein særs streng byggjeteknisk stil.

- Eg er mykje strengare enn kommunen. Og stiller krav til torvtak, tradisjonell byggjeteknikk med stav og laft, småsprossa vindauge og liknande, alt inspirert av gamle tun i Vest-Telemark. Det har vore ein av kongstankane mine. Det skal vere ordentleg og gjennomarbeidd med konstruksjonar forankra i den norske byggjekulturen, presiserer grunneigaren. Og etterspurde er hyttene også, tradisjonelle og moderne på ein gong, i prisklasser som varierer frå ein til 10 millionar kroner, for to eller 20 personar.

MANGFALD

Kapasiteten til utleigehyttene til Rauland feriesenter er for lengst sprengt. Svalastog nyttar seg av moglegheitene for utleige av selde hytter og leilegheiter periodevis. Kona Kari held dialogen med både hytteeigarane og hyttegjestene og syter for at kabalen med utleige til ulike tider er ein gjennomførbar praksis. God drift her har ført til at belegget har auka med 86 prosent dei fire siste åra, med eit gjenbesøk på 89 prosent.

- Såkalla «sale and lease back» har vore løysinga for å skaffe den aktiviteten ein ønskjer her. Per i dag klarar me faktisk ikkje å etterkomme etterspurnaden. Me har fleire tusen på venteliste, seier Svalastog, på trappene til ein fullbooka vintersesong som er like om hjørnet. Innan 2013 håpar han å kunne auke leigekapasiteten til 1000 varme senger.

- Eg vil påstå at å byggje på stein for stein i kombinasjon med ein heilskapleg og langsiktig tanke, er bakgrunnen for at det har blitt som det har blitt, seier Svalastog om Rauland, og om sitt eige prosjekt knytt til Rauland Fjellgrend, der han så langt har investert 250 millionar kroner. Minst.

- Og du søv godt om natta?

- Det er ikkje alltid eg har gjort det, kan eg love. Tidleg på 1990-talet var det tungt. Men nå er nattesvevnen upåklageleg, smiler grunneigaren.

Byggjetoppen

(Tala omfattar påbygde hytter, i kvadratmeter, pr. 1. halvår 2010)

1. Vinje 8842

2. Sirdal 6253

3. Åmot 5853

4. Øyer (Hafjell) 5776

5. Lesja (Bjorli) 5443

6. Kviteseid 5236

7. Nordre Land (Synnfjell) 4784

8. Åseral 4769

9. Flå (Høgevarde) 4098

10. Krødsherad (Norefjell) 4042

Kjelde: Nationen

Artikkeltags