- Alt i alt godt fornøgde

BESØK: 143 000 besøkte Bø sommarland i år. Leiinga hadde ønskt seg litt fleire.

BESØK: 143 000 besøkte Bø sommarland i år. Leiinga hadde ønskt seg litt fleire. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BØ: Totalt 143 000 gjesta Bø sommarland i år. Det er litt under budsjett. Sundag hadde parken årets siste opningsdag.

DEL

- Ja, det er litt under. Me hadde håpa på fleire, seier direktør i Bø sommarland, Renè Langeveld Sas til TA. I 2016 hadde parken 145 000 gjester. Også det var litt færre enn kva parken håpa på. Direktøren fortel at det ligg litt optimisme i parkens forventa besøkstal.

- I alle budsjetta ligg ein tanke om vekst. Det er alltid plass til ein til, fortel han, og seier det er små marginar som skil.

- Ein dag med sol i staden for regn i sommar, så hadde me vore der, fortel direktøren. Vêret har ikkje vore til det beste for parken i år heller.

Kald juli månad

- August har vore bra, men juni var veldig våt, spesielt i helgene. Juli var ganske tørr, men veldig kjølig igjen. Ein snakkar visst om den lågaste max-temperaturen på 25 år i juli, fortel direktøren og held fram:

- Det har ikkje vore nokon dagar med temperaturar på over 30 gradar. Få over 20 gradar også, skyt han inn.

- Sjølv om 2016 hadde meir ustabilt vêr, var det varmare. Totalt gav det parken fleire besøk. Men alt i alt er me godt fornøgde i år, forklarar Langeveld Sas. 2014 er året ein framleis minnest som verkeleg godt.

- Da var det stabilt og veldig varmt i fire veker i strekk i juli. Rett under 147 000 besøkte da parken, fortel direktøren, som vedgår at drifta er vêravhengig. Men utvikling av noko innealternativ, vil ikkje Langeveld Sas ta ansvar for.

Grunnlag for utepark

- Det er 33 år sidan ein bestemte å bli ein utandørs vasspark. I 33 år har ein synt at det er grunnlag for å vere det. Om det er snakk om noko innandørs basseng, meiner eg nokon andre må ta ansvar for det, presiserer direktøren. I dei åtte, ni komande månadene vil ein nytte tida til å gjere ting enda litt betre.

- Det har skjedd mykje positivt i år. Både med Telemarksveka, musikkvideoar og anna. Samtidig er det ting ein ønskte og håpa å få til, som ein ikkje klarte. Så ting kan alltid bli betre, presiserer han.

- Målet er å gjere parken enda litt betre, så minst like mange gjester kan kose seg her igjen neste år, rosar han og kryssar fingrane for ein litt varmare 2018-sommar. Bø sommarland hadde sin beste besøksdag, i år som i fjor, tredje onsdag i juli. Da vitja 7 000 menneske vassparken.

Artikkeltags