Gå til sidens hovedinnhold

Blar opp 100 000 i året i flere år

Telemarkfestivalen får 100 000 kroner i støtte hvert år i tre år fremover.

Det er Midt-Telemark kommune som tek på seg spanderbuksene for å oppretthalde tradisjonane.

- Midt-Telemark kommune er stolt av at ein sidan starten har vore vertskommune for Telemarkfestivalen. Telemarkfestivalen har i alle år vore ein sentral formidlar av internasjonal og nasjonal folkemusikk og folkedans. Det har heile tida vore eit mål å samle det tradisjonelle og det nyskapande innanfor kulturen og på den måte vera ein bidragsytar og møteplass for kontinuitet og dei nye stemmene.

Festivalen har gjennom åra laga program for folk i alle aldersgrupper og med ulike interesser. Gjennom Ungfolk har festivalen gitt unge og lokale kulturutøvarar ein møteplass til å treffe kvarandre under kyndig rettleiing. Festivalens årlege bestillingsverket har gitt utøvarar moglegheit for å skape nye uttrykk med røter i det tradisjonelle. Telemarkfestivalen er derfor ein viktig kulturaktør, som og har effekt og ringvirkningar på/for fleire områder.

- Bø kommune har heilt sidan starten vore ein viktig bidragsytar, administrativt og økonomisk, til Telemarkfestivalen. Midt-Telemark kommune har i sin samfunnsdel til kommuneplanen vedteke at det er eit mål at kommunen skal vera ein leiande kulturkommune og har i økonomiplanen for perioden 2021-2024 lagt til grunn at Telemarkfestivalen får eit årleg tilskot på 100 000 kroner.

- Det må likevel takast atterhald om budsjettmessige endringar som følgje av politiske vedtak knytta til dei einskilde årsbudsjetta i økonomiplanperioden, heiter det i vedtaket.