- Det er ikkje mange av denne på vegen lenger, smiler Sigrid og stryk Rallye’n over panseret.
Grunnen til at bilen hennar hamna i ein artikkel i «Vi menn» var at vekebladet hadde laga ein presententasjon av ulike Opel-modellar. Då Sigrid blei merksam på at dei hadde gløymt å presentere Rallye-modellen ho sjølv hadde ståande i garasjen, kontakta ho redaksjonen i bladet, som raskt retta opp bommerten ved å laga ei eiga sak på bilen hennar.
KORTDISTANSE
- Eg har ikkje rekt å vaske han inni enno altså, orsakar Sigrid.
Det er andre gongen i vår at ho køyrer bilen ut av garasjen der han har stått lagra gjennom ein lang vinter.
- Sjå. Sambygdingen min, Øyvind Kili, har pussa opp felgane. Blei dei ikkje bra?
Sigrid opnar opp døra på førarsida. Bak rattet i teak syner panelet ein kilometerstand på 159 748.
- På 45 år?! Snakkar me for det meste kjipp-køyring her, eller?
Sigrid ler.
- Stort sett det, ja. Bortsett frå ein tur til Sverige, ein til Trondheim og nokre turar til Oslo.
Ho set seg bak rattet.
- Og sjølvsagt ein del turar til Skien. Elles har bilen berre gått innanfor Vinje kommune, ja.
Ho smiler, blunkar lurt og fortel at ho har køyrd til mang ein dansefest i byen.
- På tidleg 70-tal og framover var det skikkeleg uteliv i Skien. Herremann, så moro me hadde det, mimrar dama som er open om det meste. Bortsett frå ein ting.
- Du må ikkje skrive kor gamal eg er i avisa altså.
- Gjer det noko då, så godt som du held deg?
Sigrid tenkjer litt.
- Okei då. Du kan skrive at eg er fødd i 1928. Så kan folk rekne sjølve, seier ho med glimt i auga.
VIL ALDRI FLYTTE
Sigrid har aldri vore gift, men venen Arne har ho hatt i mange år.
- Me er komne langt over sylvbryllaupsgrensa i alle fall, ler ho.
- Du er ei moderne kvinne?
- Hehe, jau takk. Nokon vil nok seie at eg har levd eit liv utanom den vanlege malen, men det bryr eg meg ikkje om. Det var slik eg ville ha det, smiler den frittalande dama.
- Eg vil ikkje vere gamaldags og er medviten på korleis eg ser ut, seier ho og rettar litt på dei ljosegrå hårlokkane.
Dei livlege augo hennar smalnar litt. - Einaste er at det er så forbaska at eg ikkje klarer å gå på høge hælar lenger. Det irriterer meg.
DRAMATISKE ÅR
Sigrid har budd i Grungedal heile sitt liv.
- Grungedal er ein flott plass å bu. Eg kunne aldri tenkt meg å flytte herifrå. Det har heller aldri freista meg å reise langt vekk. Eg har alltid hatt litt dårleg helse, ser du.
På veggen i stova heng eit stort, innramma portrett av ei flott, ung og smilande dame med strålande blikk.
- Det er eg. 36 år gamal. Eg tok dette biletet hjå ein fotograf i Skien. På den tida var eg så sjuk at eg trudde eg kom til å døy. Eg ville derfor at familien min skulle ha eit minne om meg. Men det gjekk bra, seier ho og blir stille ein augneblink.
EIN «GARDSGUT»
Sigrid utdanna seg til frisør i byrjinga av 1950-talet. Ho meiner at yrkesvalet var perfekt for henne som absolutt ville bu heime og hjelpe foreldra sine på heimgarden Rismyr. Dei døydde med få års mellomrom på sekstitalet.
- I byrjinga av frisørvirket mitt gjorde eg om eit av soveromma heime til frisørsalong. I dei mest hektiske periodane, til dømes før jol, kunne eg arbeide til elleve-tolvtida på kveldane. Eg var einaste frisør i mils omkrins og hadde kundar frå både Høydalsmo, Rauland, Vågslid og Hovden.
Ho meiner at oppveksten på gard har vore viktig.
- Eg trur det er meir lærdom i det enn å sitje framfor PC’n heile tida. Far kalla meg alltid for «gardsguten», smiler ho.
- Du er ein arbeidshest, men det ser likevel ut som du er oppteken av å ta vare på dei feminine sidene dine?
- Ja, det er eg - men eg er og blir ei bondejente.
I 1985 selde ho garden og bygde seg nytt hus i Grungedal.
- Eg hadde aldri klart å flytte frå Grungedal, det er her eg høyrer til. Men huset hadde eg heller aldri fått opp utan den snille bror min, Herbjørn. Han hjelpte meg enormt mykje.
Dei klåre augo hennar blir blanke når ho snakkar som foreldra og dei to brørne som blei borte så altfor tidleg.
BILDILLA
- Har du sett dette då?
Sigrid smiler lurt og nikkar mot merket på dashbordet medan ho smetter eit par velstelte hendar inn i køyrehanskane.
«Forbudt å kysse föreren når bilen er i gang».
Interessa for bil har Sigrid hatt sidan ho var ung jente.
- Eg var ei sportsjente då au ser du, smiler ho og set nykelen i tenninga.
På sommaren dreiv foreldra hennar med gardsturisme. Ein dag køyrde ein låg, knallraud sportsbil inn på tunet.
- Trur eg var femten-seksten år. Eigaren gav meg lov til å sitje bak rattet og starte bilen. Då var det gjort, fortel ho og ler.
I 1956 reiste ho så til Skien for å ta sertifikat.
- Eg hadde køyrd mykje med både bror min og vener, så det var ikkje mange timane eg trong, smiler ho.
Etter å ha seld tømmer som ho fekk av far sin, hadde Sigrid nok pengar til å kjøpe sin fyrste bil i 1957 – ein mørkeblå Volvo PV til 19 500 kroner. Etter 10 år bytte ho PV’n inn i den sylvgrå sportsbilen ho nett har sett seg inn i.
- Skulle eg bytt bil, så ville eg hatt akkurat maken til den eg har no. Men det er plent umogeleg å få tak i, så då får eg berre behalde den eg har, smiler ho.
- Reparerer du bilen sjølv eller?
- Å nei, nei. Eg ser berre på utsjånaden eg, svarar Sigrid kjapt medan ho manøvrerar bilen i rett posisjon for fotografering.
TØFF DAME
Etter ein lang periode med sjukdom er Sigrid no «back in business» og gler seg til både bilturar og andre sommarsyslar kring heimen.
- Helst vil eg gjere alt på ei gong, seier ho med eit smil før fotografen be ho om å posere ved sportsgliset som ho no har parkert i tunet.
Den spreke dama er slettes ikkje redd for kameralinsa og seier skøyaraktig:
- Skal leggje meg på panseret eller?