Liv Bente Tvenge stadfester at ho har eit par interesserte til å overta, men det er for tidleg å avsløre kven. Det som er ganske sikkert er at Liv Bente kjem til å følge med på kjøpet.

– Det er to interessentar, ja, der kriteriet er at eg er med vidare. Det er fordi eg eig historia her. Det er klart eg synest dette er både hyggeleg og stort at eg kanskje kan få lov å bli med vidare, seier Liv Bente Tvenge.

– Men ingenting er landa ennå, presiserer ho.

Drevne festivaldeltakarar

Laurdag skein sola over Neset og det lune tunet gav ly mot den elles skarpe vinden i Raualnd. I likheit med ein del andre gjester på Neset denne laurdagen var også gjengen frå Skien her for første gong. I mange år har dei vore faste deltakarar på Bluesfestivalen på Notodden, men sidan Nesetdagane blei annonsert for siste gong, reiste dei hit i staden for.

– Me kom i går og fekk med oss konserten til Ingeborg Bratland. Flott lyd, sjølv med litt vind. Det var back to basic, heilt topp, skryt Vigdis Bringsværd.

Dei andre rundt bordet er einige. Det eine paret har tatt inn på Austbø hotell i Rauland og sykla til festivalen som ligg eit stykke forbi Alpinsenteret og Rauland kyrkje. Det andre paret har parkert campingbilen ikkje så langt frå festivalen.

– For oss har dette vore nytt og annleis. Me har vore mange år på bluesen, men nå reiste me hit denne helga. Neste helg skal me på Telemarksfestivalen i Bø, seier Bjørn Bringsværd.

– Me er festivalgjengarar i blodet, skyt Snorre Knudsen inn og ler.

Dei fire håpar at den som kjøper plassen er ein person som har sansen for denne type kulturformidling.

Populær omvisning

Om det var ivrige kjøparar, eller bare folk som måtte nytte siste sjanse å sjå innsida av husveggene på Neset er ikkje godt å seie, men gardskona Liv Bente Tvenge fekk ein heil bøling med interesserte til dagens omvisning.

Ho måtte dele gruppa i to og det var gnu fullt inne i dei to gamle stogene ho viste fram.

Knekt av straumrekninga

Men det kostar å drive ein slik gard. Langt over millionen har ho bruka på Torvetjønnstoga frå 1715 for å gjenskape rosemåla veggar og interiør, før nå Riksantikvaren har overtatt vedlikehaldsarbeidet.

Ho har heller ikkje fått statleg støtte til å drive festival, bortsett frå litt i fjor, slik større festivalar har fått. Nå har ho ein ny søknad inne, men erfaringa tilseier at små, unike festivalar har liten sjans mot store gigantar.

– På grunn av støtta eg fekk i fjor har eg klart å gå litt i pluss, seier Liv Bente Tvenge.

Det var til slutt den enorme straumrekninga for desember som var den store dråpen som skulle til for at ho bestemte seg for å selje garden.

– Då eg fekk rekninga måtte eg bare le, seier ho.

– Det var då eg måtte innsjå at her må det inn yngre krefter med pengar i ryggen. Det fortjener denne garden, legg ho til.

Neset er til sals for 23 millionar kroner. I tillegg har Liv Bente Tvenge eit hyttefelt med tomter og ei ferdig bygd hytte, «Spel». Den ligg ute til sals for sju millionar. Mange pengar for ei hytte ved Totak, synes nokre, men Liv Bente Tvenge ber interesserte om å kome inn i hytta for å sjå.

– Alt er kortreist, både materialar og handverkarar, seier ho.

– Den må sjåast, oppfordrar Liv Bente Tvenge, som trass alt har trua på Neset gard som kulturberar i framtida.

Fakta om Neset Gard:

  • Opprinneleg ein husmannsplass frå 1700-talet som ligg ved innsjøen Totak, 680 moh.
  • Kjøpt i 1953 av norskamerikanaren og formuande skipsreiar, Harry Irgens Larsen.
  • Irgens Larsen restaurerte dei fem bygningene som sto der frå før, og starta så å samle stoger, bur og loft, mellom anna Torvetjønnstoga frå 1715 og Loftsgardsstoga frå 1759.
  • Det står i dag 17 bygningar på eigedomen som er på i alt 600 mål.
  • Eigedomen har ei tehytte på 1000 moh., tennisbane, innandørs symjebasseng, badstoge og brygge.
  • Harry Irgens Larsen døydde i 1982 og familien i Amerika selde eigedomen mot bruksrett.
  • 1995: Familien Tvenge kjøpte eigedomen.
  • 2009: Liv Bente Tvenge og barna kjøpte eigedomen.
  • 2012: Det første Nesetspelet blir arrangert.