Da Bjarne Øygarden starta arbeidet med boka om Aud Øygardens kunstsalong viste det seg at avisene vart ei viktig kjelde.

– Det er frå avisene det meste av stoffet er henta. Eg såg at det allereie ved første utstillinga i 1972 var mange omtaler i avisene og vart positivt overraska over kor godt lokalavisene har fylgt opp og skrive om kunstsalongen gjennom åra, fortel Øygarden.

Inspirert av dei franske kunstsalongane

Da Aud opna dørene til galleriet, vart det det første private kunstgalleriet i Telemark.

– Før måtte ein reise til byane for å sjå moderne kunst, men ho tenkte at slik kunst burde ein også kunne oppleve på bygdene, seier Øygarden.

Fokuset til Aud var kvalitet, noko ho heldt fast på heile vegen, og det vekte stor oppsikt at det var Kai Fjell som stilte ut i kunstsalongen først.

«Det er lettere for deg å komme til månen enn å få til en utstilling med Kai Fjell». Aud kontaktet kunstneren, og fikk et umiddelbart ja, kommer det fram i en artikkel som TA publiserte i 2005.

Den første delen av boka handlar om Aud og korleis ho enda opp med å opne kunstsalongen i Seljord, og kvifor ho kalla det kunstsalong og ikkje galleri.

– Ho sa ho hadde høyrd om parisersalongane der det vart stilt ut kunst i private heimar. Ein kunne komme inn i salongen og sjå på kunst, samtale om bilda og kanskje nyte litt godt. Ho syntest det var ein fin måte å oppleve kunsten på, fortel Øygarden.

I hovuddelen av boka blir kunstnarane presentera etter kvart som dei stilte ut.

Gründer

Sonen forstår godt at mora kan karakteriserast som ein gründer i si tid.

– I 1964 starta ho ein møbelbutikk som ho kalla «Møbler og kunst». Den brann, men dei hadde hus like ved, og der fekk dei ideen om eit tilbygg med kjellar. Med inngang frå hagen vart kjellaren eit galleri, og det var der ho hadde utstillingane det meste av tida ho hadde kunstsalongen, fortel Øygarden.

I 34 år, fram til ho fylde 83 år, var det utstillingar heime hos ho i Seljord, i den 70 kvadratmeter store kjellaren. Ho tenkte ofte på å gje seg, men stadig vart det endra, og ho tok eit nytt år med god hjelp frå familien.

«Jeg må ha noe å drive med. For meg er det ikke bare kunsten rundt meg. Menneskene som kommer for å se, er like viktige. For å si det rett ut ville det både vært skrekk og gru å bli sittende her med hendende i fanget. Jeg passer ikke til det», sa ho i 2005.

– Heile livet mitt

Dei første åra var det fire til fem separatutstillingar i året som varte i to til tre veker kvar. Etter kvart trappa ho ned til tre utstillingar, før ho dei siste åra hadde ei kollektivutstilling gjennom sommaren.


– Noko av det siste ho vart sitert på får fram kor verdfullt ho opplevde å halde på med kunstsalongen, seier Øygarden.

«Det har vore heile livet mitt, og det er eg takksam for», sa ho.

Ho jobba hardt med salongen, både før, under og etter utstillingar, og det ville ho ha respekt for. Å lage kunstverk sjølv var ikkje noko ho var freista til, men ho meinte det var eit kunstnarleg element i det å drive eit galleri.

«Å finne kunstnarar, vite kva som passar med kvar, henge bileta på veggen, finne vinklar og rett lys, det er ei eiga kunstgrein», sa ho.

På spørsmål om kva som var det fremste kvalitetskriteriet når ho valde kunst hadde ho ofte dette svaret:

«Eg må like det sjølv».