Det har vore historiske val i både Tokke og Kviteseid i år. I Kviteseid vil halvparten av dei komande kommunestyrerepresentantane vere kvinner. I Tokke er damene i fleirtal.
I lang tid har kvinner blitt oppfordra til å engasjere seg i politikken. Medan mange kommunar slit med å få inn damer på listene, dominerer kvinnene i Tokke etter årets val.
POSITIVT
Ordførarkandidat Hilde Alice Vågslid (Ap) synest det er kjempepositivt at den politiske kvinneandelen i kommunen hennar har blitt så stor. Ho seier at både partia og innbyggjarane har sett verdien av ei nokolunde jamn politisk blanding av menn og kvinner.
- Ikkje for å forringe innsatsen til karane, men eg trur både diskusjonsfora og utfall av sakene kan nyte godt av at andelen mannlege og kvinnelege representantar er nokolunde lik, påpeikar Ap-representanten, som sjølv har vore politisk aktiv i 20 år.
- At ein har fått inn så mange kvinner nå, vil nok også gjere det enklare å rekruttere kvinner i framtida, legg ho til, og minner om at fem kvinner stod på topp i dei seks partilistene som var lagt ut ved årets val.
HISTORISK
At 12 av kommunestyrets 21 representantar er kvinner, er historisk på fylkesplan og gjer såleis Tokke kommune eineståande når det gjeld politiske aktive kvinner. Hilde Alice Vågslid (Ap) fortel at kvinnene gradvis har vunne terreng i kommunen.
- Ved førre kommuneval vart over halvparten av representantane i kommunestyret kvinner. Nå omfattar dette også kommunestyret, smiler ho, og synest det er gledeleg å sjå at alle dei politiske partia i kommunen har damer inne.
POLITISKE VERV
Ikkje langt unna resultatet i Tokke, ligg også Kviteseid, der ti av 21 er i det komande kommunestyret. Toppkandidat på Ap-lista i Kviteseid, Bjørg K. Staaland (Ap) vart overraska.
- Ja, men veldig hyggeleg at fleire kvinner engasjerer seg og at desse blir røysta fram. Gjennom mange år har ein oppfordra kvinner til å engasjere seg og ta på seg politiske verv, og endeleg ser det ut til å vere i ferd med å verke, sprudlar Staaland.
- For 10 år sidan var eg med å arrangerte eit kurs for kvinner i leiarposisjon med tittelen «Klart vi kan». Omsider ser det ut til at dette har gjeve litt effekt, seier partileiaren, som oppfordrar kommunestyre som slit med å få inn kvinner, til å gje damene politiske verv.
- Dei må føle at dei blir tekne på alvor, understrekar Staaland.