Audun Svartdal (50) er nok ein gong sentral i førebuingane som skal gje norske OL-medaljar. Som teknikkansvarleg hos Olympiatoppen skal seljordingen få ekstra fart på skiess som Petter Northug og Marit Bjørgen.
|
Hans Eivind Øygarden
E-post
|
|
| Publisert 24.11.2009 kl 21:41 Oppdatert 25.11.2009 kl 07:45 |
Når OL tek til i Vancouver 12. februar er det 22 år sidan Audun Svartdal debuterte som landslagstrenar i ein olympiade. Også då gjekk meisterskapen i Canada, nærare bestemt Calgary, og unge Svartdal var kombinert-trenar. Som leiar for Olympiatoppens teknikkprosjekt «Best i løypa 2010» jobbar Svartdal med eliteløparar og OL-kandidatar i kombinert, skiskyting og langrenn. Fram mot OL i Vancouver, eller i Whistler som er staden desse utøvarane skal konkurrere, skal grunnlaget for suksess leggjast.
FRÅ STEINALDER TIL NÅ
- For meg er det perfekt å kunne fordjupe meg i eit fagområde som har interessert meg sidan eg gjekk på idrettshøgskulen frå 1982 til 1985. Då kom skøyting, eller skeising som eg seier, meir og meir. Eg minnest eg hadde Halldor Skard som lærar i det som var steinalderen for friteknikk. Folk var redde for at den nye teknikken var skadeleg for hoftene og skeising med eitt bein blei etter kvart utvikla til det me kjenner i dag. Sidan har teknikk og motorikk vore hovudinteresser for meg. Det er særs motiverande å kunne jobbe på heiltid med eit fagfelt eg brenn for, fortel topptrenaren frå Nordbygdi i Seljord.
- Etter 19 år som ansvarleg trenar for eit eller anna lag, er det også godt å ikkje ha lagansvar, men i staden kunne jobbe med mange læreviljuge toppløparar på tvers av greinene. Det gjev stor variasjon og inspirasjon, legg han til.
Dei siste vekene har Audun Svartdal halde seg på Beitostølen. Der har han jobba med eliteløparar og aktuelle OL-kandidatar.
- Eg er disponibel for dei som ynskjer meg. Og eg steppar inn når andre trenarar er opptekne med anna. Samarbeidet fungerer godt. Og me skal vere i rute til OL - som sjølvsagt er sesongens store mål og hovudgrunnen til at dette teknikkprosjektet blei starta, seier trenaren.
MYKJE SKRYT
Seljordingen har fått mykje av æra for at Marit Bjørgen ser ut til vere på veg tilbake som ein verdseinar. Under verdscupopninga på Beitostølen var Bjørgen utilnærmeleg laurdag - ikkje minst på grunn av ein forbetra teknikk.
- Marit har jobba godt og me byrja alt i mai på rulleskimølla. Til saman har Marit hatt åtte besøk på mølla som er installert på Idrettshøgskulen. Der har me intensivert teknikk-terpinga utover hausten. Eg er imponert over innsatsen ho har lagt ned. Dessutan er Marit ein draum å jobbe med, blid og positiv som ho er, seier Audun Svartdal, og poengterer at det er Egil Kristiansen og Pål Gunnar Mikkelsplass som har det daglege trenaransvaret for langrennsjentene.
Audun Svartdal jobbar med fleire verdstoppar. Og to av høgdepunkta for trenaren kjem frå den gong han hadde trenaransvaret for skiskyttarherrane i Nagano i 1998.
- To gull skil seg ut. Fyrst vann Hallvard Hanevold overraskande OL-gull på 20-kilometeren. Hallvard hadde rett før OL vunne sin fyrste verdscupkonkurranse i Anterselva og det var enormt då han følgde opp og tok OL-gullet i Japan. Stort var det også då Ole Einar (Bjørndalen red.anm.) vann sprinten i Nagano. Han hadde fyrst gullet i lomma då tevlinga blei avlyst på grunn av dårleg sikt. Det seier mykje om Ole Einar då han dagen etter måtte gå om att og likevel vann, fortel Audun med eit smil.
Etter trenardebuten i Calgary-OL var Svartdal med i Albertville som assistenttrenar for skiskyttarane, og altså som hovudtrenar for skiskyttarherrane i Nagano. Under Lillehammer-OL var suksesstrenaren friviljug funksjonær, medan han var fjernsynssjåar i både 2002 og 2006.
UNIKE PETTER
Audun Svartdal har også lært den største norske langrennsstjerna å kjenne. Petter Northug er unik på fleire vis - og kan bli den store norske løparen under OL i Vancouver.
- Taktisk er Petter unik. Han er også bra teknisk og rykket han har, er i ei eiga klasse. Men Petter kan også bli betre, og me jobbar spesielt for å få han på eit høgare teknisk nivå i enkeltstart. Han har vore på pallen bare ein gong på 15 kilometer individuell start, så her har me noko ugjort. Men Petter har teke bra tak i jobben og forbetrar seg spesielt i klassisk, men også i friteknikk, meiner trenaren.
Audun Svartdal er forsiktig med å uttale seg om anna enn teknikk, og vil ikkje seie så mykje om kva han synest om Northug og handteringa av merksemda rundt avtala med Red Bull.
- Eg kan ikkje seie anna enn at Petter har takla det heile veldig bra. Han er ekstremt flink til å konsentrere seg om det han skal. Og det mentale er ein viktig del av det å nå verdstoppen. For å ta medalje i eit OL må teknikken vere på plass, men du må også ha ein topp fysisk motor og du må vere mentalt sterk og takle press og stress. Petter har det meste, meiner Audun Svartdal.
Talet på reisedagar har blitt færre etter at Audun Svartdal gav seg som lagleiar. Før jol skal 50-åringen «bare» til Davos, og etter nyttår blir det ein tur til før avreise til Canada og Whistler.
- Eg skal ikkje vera til stades under heile OL, men bare på dei fyste konkurransane. Det er ikkje under OL eg har dei største arbeidsoppgåvene. Det er jobben før OL som er den viktigaste. Det er nå me legg grunnlaget - og eg har ei god kjensle, smiler telemarkingen - klar for nye norske OL-medaljar.
Foreldre, elever og lærere på Stigeråsen skole fortviler over hærverk på fotballbane og ballbinge