Vakre tonar i Rauland kyrkje

Tore Skaug E-post
Publisert 16.12.2003 kl 10:13 Oppdatert 16.12.2003 kl 10:15

Tips en venn på e-post:

...
SETESDALSTONAR: «I denne søte joletid» syng Silje Vige med tonefølgje av Rauland Musikkorps. Foto: Tore Skaug

Musikken fekk utfalde seg fritt og velklingande i Rauland kyrkje sundag kveld. Silje Vige, Spelemannslaget Falkeriset og Rauland Musikkorps gledde eit ikkje altfor talrikt publikum med ein fint samansett adventskonsert.

Ute var det stormkast over Totak, men inne i kyrkja var det lunt og stemningsfullt då organist Tony Ralay innleidde med Bachs preludium og fuge i D.

Eit krevjande verk der det ikkje er nok med flinke fingrar, også fotarbeidet må vera i orden.

Det er ti år sidan Silje Vige gjorde suksess i Melodi Grand Prix med «Alle mine tankar». Seinare har mykje skjedd, men Silje har teke vel vare på sitt utvilsame musikalske talent.

KVEDAR OG VOKALIST

Etter å ha vald musikkvegen med blant anna to år på folkemusikkstudiet er ho nå attende på Rauland som masterstudent i folkemusikk under professor Vidar Lande.

Som folkemusikkstudent har ho sjølvsagt vore å høyre på Rauland i ulike samanhengar, men dette var første gong ho stod fram på ein open konsert.

Vige viste seg først fram som folketoneutøvar og song «Eit barn er født i Betlehem» på ein tone frå Bjerkreim. Seinare fekk ho mikrofon og song to songar saman med Rauland Musikkorps.

Det var ei glede å høyre henne både som kvedar og som vokalist - og Rauland Musikkorps, eit reint vaksenkorps, gav fulltonande og disiplinert tonefølgje.

FELE OG FLØYTE

Korpset hadde si eiga avdeling under dirigent Knut Mosand, og inviterte også til allsong i eit triveleg arrangement av Prøysens «Julekveldsvise».

Ingen adventskonsert utan bygdas eigne spelemenn. 50-årsjubilerande Falkeriset stilte berre fire mann sterke, men imponerte både med fint samspel og solo-slåttar.

Per Åsmund Omholt, folkemusikklærar og leiar i laget, er svært allsidig. Han spelar både fele og fløyte, og sundag kveld imponerte han dessutan som kvedar med ein salme etter Ragnar Vigdal.

Arne Øygarden framførte ein gangar etter Håvard Gibøen, mens Terje Chr. Hanssen spela Fykerud, før laget avslutta med signaturslåtten «Falkeriset».

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Velkommen til verden - februar

...


Subaru kommer sent, men godt

...


...

Bear Grylls gir aldri opp

Underholdning Bear Grylls er tøffingen og villmannen som er i ferd med å bli mykere. Les mer


...

Bob Mould til Øya

Underholdning Selv om Øya bare har sluppet under halvparten av artistnavnene, er det nå kun 700 ukespass igjen til festivalen. Les mer


...

Ringos nye superband

Underholdning Ringo Starr har enda en ny stjernebesetning i sitt All Starr Band når han legger ut på turné i USA i juni og juli. Les mer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.