...

Tek farvel med høvdingen

Thomas Hellekås minnest kameraten sin Jon Elling Buen Garnås med latter og gråt. Han laga låta «Høvdingen» kort tid etter venen var gått bort.

Else Børte
Else Børte Profil E-post
Publisert 10.05.2012 kl 11:11 Oppdatert 10.05.2012 kl 18:17

Tips en venn på e-post:



«Høvdingen» handlar om saknet av og kjærleiken til ein nær ven. Spelemannen Jon Elling Buen Garnås frå Bø døydde i ei bilulykke for kort tid sidan. Heile bygda blei med eitt prega da dødsbodskapen spreidde seg. Jon Elling hadde lenge vore eit midtpunkt. Sette andre før seg sjølv og var av meiningars mot. Han var ekte. Som ein høvding Det kom til syne i gravferda førre fredag. Kyrkja var breiddfull. Det hadde aldri vore så mange i ei gravferd på Bøhaugen, sa folk.

EIN FARSOTT PÅ NETT

Det er Thomas Hellekås som har laga både melodi og tekst til «Høvdingen».

- Det var trøstande for meg å skrive, seier han.

Han la ut klippet på Youtube for å dele songen med broren til Jon Elling, Per Anders Buen Garnås. Meininga var å få ei tilbakemelding på om dette var noko. Da spreidde videoen, som Thomas hadde spela inn heime i stua i Bø, seg som eld i tørt gras. Den blei posta på Facebook av den eine bøheringen etter den andre.

- Låta hadde 19 treff på Youtube da eg såg den tysdag, seier Per Anders.

Da TA prata med dei to i går hadde «Høvdingen» over 2 600 treff.

- Eg fattar det nesten ikkje. Det er utruleg at så mange høyrer på «Høvdingen». Eg er glad og letta for at folk sett pris på låta. Respekten min for Jon Elling er stor, seier Thomas.

«HØVDINGEN» BLIR TIL

Det var etter gravferda fredag førre veke Thomas sette seg ned med gitaren heime. Han leika med nokre noter. Hadde hovudet full av tankar. Dagen etter hadde han, Per Anders og venekretsen deira minnefest for Jon Elling. Da kom det fram litt tekst og «Høvdingen» fekk ein start. På sundag blei resten til.

- Det går ikkje an å truge fram ein tekst, men på sundag sette eg meg aleine og da kom alt av seg sjølv. Da var eg inne i ei lune og kunne ikkje slutte, seier han.

Melodien byrja med fingerspel på gitaren og Thomas hadde musikken til Townes Van Zandt i tankane. Og fingrane.

- Jon Elling lika at ein spela bak på strengane. Slik at det blei litt røft. Eg byrja med G, D, C, og så kom melodien av seg sjølv.

Thomas gjekk over til plekter.

- Da blei det meir slik Jon Elling lika det, seier Thomas.

- «Høvdingen» hadde Jon Elling lika. Han var jo ikkje så sjølvfokusert, så han hadde nok også synst det hadde vore litt vilt med ein song til ære for seg, seier Per Anders.

RUSTENT, IKKJE POLERT

Jon Elling hadde musikkteft og eit breitt musikkspekter. I 2008 gjekk han til topps i Landskappleiken med den kjære munnharpa si.

- Townes Van Zandt var ein artist Jon Elling lika. Det skulle vere rustent, ikkje polert. Han var ute etter nerven i musikken. Det held eg med han i, seier Per Anders.

Thomas nikkar. Han er ein hobbymusikar og gler seg over å more vener med lystige tekstar. Noter bryr han ikkje med. Han høyrer musikk og speler.

- Jon Elling viste meg så smått korleis eg skulle handtere gitaren

Per Anders har høyrt Thomas spele i lystige lag, men visste også at Thomas hadde det seriøse i seg.

- Jon Elling fortalde meg at Thomas hadde laga ein flott song til dottera si, «Emmas melodi», seier han.

Thomas fortel at Jon Elling likte den og «Huldresølv», som han også har komponert.

- Det er dei sanne melodiane som blir dei beste. Eg likar å få folk til å le, men kan vere seriøs også, medgjev Thomas.

LA ATT INSPIRASJON

Etter Jon Ellings død har fleire tekstar blitt til. Folkemusikaren Anders Røine, også ein ven av Jon Elling, skreiv tre vers til på låta «En sjanse til». Den framførte han i gravferda.

- Eg trur Jon Elling la att ein del inspirasjon, seier Thomas.

Folkemusikaren Hallvard T. Bjørgum har laga dikt i stevform om Jon Elling. Spelemannen Knut Buen laga også eit dikt om sin kjære nevø.

- Det er utruleg korleis dødsfallet til bror har fått fram skapartrongen hos folk. Dei har fått behov for å skape noko, seier Per Anders.

Thomas (27) og Jon Elling (34) møttest gjennom felles kjente ein del år tilbake og fann raskt tonen trass i aldersforskjellen.

- Begge var interesserte i musikk. Jon Elling snakka til meg, i mot meg og jatta ikkje berre med. Det sette eg pris på. Han la aldri noko i mellom, seier Thomas.

BOOTS OG PILOTBRILLER

I «Høvdingen» tar Thomas lyttaren med gjennom bodskapen om Jon Ellings bortgang, sin eigen sorg og Jon Ellings ferd vidare. Engelen som heldt han i handa etter ulykka var ein sjukepleiar, som var på staden. Thomas syng om kor tung gravferda var. Om kor heldige dei i himmelen er, som får humørspreiaren Jon Elling med boots og pilotbriller, til selskap.

- Ein ven av oss, Glenn, la pilotbrillene sine i grava da Jon Elling fekk sin plass på kyrkjegarden på Bøhaugen. Det var slike han lika å gå med, seier Thomas.

I songen finn ein strofa som fortel at den einaste rørsla var ei kråke på flukt da bodskapen om Jon Ellings død kom. Desse orda kjem av at Jon Elling hadde eit måleri han hadde tatt med seg heimfrå. Det var heilt abstrakt. Kunne kanskje minne om ei kråke.

- Me hadde litt moro med dette bildet som hang på veggen hos Jon Elling og spurde kva det var. Kråke på flukt vel, svara Jon Elling, minnest Thomas.

EIN BRÅDIKTAR

- Det var ingenting Jon Elling likte betre enn om nokon drog fram eit instrument. Han song ofte sjølv og var stadig framme med munnharpa, seier dei to.

Thomas fortel at Jon Elling dikta og song spontant om det blei spela ein liten melodi for han.

- Brådikting, smiler Per Anders.

Sorga er der, men smila og latteren sitt laust når dei to tenker tilbake på alle minna dei deler om Jon Elling.

No har Thomas fått tilbod av musikaren Geir Arne Dahle om å spele inn «Høvdingen» i studio. Med seg vil han ha Per Anders. På hardingfele.

- Eg gler meg til å vere med. Det blir nok berre litt skuggelegging, seier ein beskjeden Per Anders.

- Eg trur melodien blir fin med fele. Det hadde vore aldeles supert å spele inn «Høvdingen», avsluttar Thomas.

På forsiden nå


Rulestolbruker påkjørt på E134

SAULAND: En person i rullestol er påkjørt i et gangfelt i Sauland i Hjartdal.

Stor militær trafikk på Breviksterminalen

PORSGRUNN: Det tysk-nederlandske NATO- korpset "erobret" Breviksterminalen mandag. Kjøretøy med en samlet lengde på 15 kilometer ankommer kaia i disse dager.

...

Traktorgave til 400 000 kroner

PORSGRUNN: En ny John Deere traktor har inntatt Furulund idrettsanlegg i Brevik. 400 000 fra Sparebankstiftelsen var med på å gjøre det mulig.

...

Glemte håndbrekket

BREVIK: En lekeplass i Brevik ble tidlig tirsdag morgen smadret av en løpsk budbil.