...
LAGAR FESTIVAL: På den nedlagde bensinstasjonen Bøgrend Auto i Bøgrend i Vinje, går lokalbefolking og andre saman om å skipe til festival. Foto: Privat

Set Bøgrend på kartet

Gløymd og stuva bort dei siste 10 åra, pustar ein liv i den nedlagde bensinstasjonen Bøgrend Auto i Vinje. Neste helg blir det nemleg festival i desse lokala.

Publisert 28.07.2010 kl 18:42 Oppdatert 28.07.2010 kl 18:45

Tips en venn på e-post:

...
KJEM TIL BØGREND: Dei ikkje ukjende Valkyrien Allstars vitjar Bøgrend Autofestival neste helg Foto: EVA ROSE
...
KJEM OGSÅ: Aasmund Nordstoga kjem med band til den nedlagde bensinstasjonen. Foto: Stian Andersen

FAKTA

  • Desse spelar på Bøgrend Autofestival 6.-8. august:
  • Valkyrien Allstars Aasmund Nordstoga med band Amund og Henrik Maarud Judas Booth Ingebjørg Harman Bratland Ukulelekompagniet Phone Joan Napoo Picidae Aasne Vinjerui Lars Underdal og Øystein Romtveit Bingokongen

Bygda med kring 70 innbyggjarar er i ferd med å skape sin eigen festival. 6.-8. august går den første av forhåpentlegvis fleire Bøgrend Autofestivalar av stabelen. Eit ivrig lokalsamfunn, initiativtakarar og bookingselskap med lokal tilknyting går med dette i brodden for å setje Bøgrend på kartet.

MANGE GODE TANKAR

Valkyrien Allstars, Aasmund Nordstoga og Amund og Henrik Maarud er blant musikarane ein kan oppleve i lokala plasserte få meter frå E 134, midtvegs mellom Åmot og Haukeli. Utflytta vinbyggje, inititivtakar og ansvarleg for bookingselskapet Havresekken Bukking, Asgaut Høgmo Bakken, seier at koplinga av tilfeldigheiter og gode tankar gjorde at ein valde å realisere det originale, men spenstige prosjektet.

- Eit ønskje om å arrangere konsert på Bøgrend Auto har fleire gonger vore reist. Og ryktet om at fleire i bygda også ønskte å arrangere ein venners-venners-fest fekk ballen til å rulle vidare til festivalnivå, fortel ein tydeleg spent Høgmo Bakken som samarbeider med Silje Hegg og bygdeprosjektet Liv i Vinje om tiltaket. Og at dei har fått tak i ettertrakta musikarar er det liten tvil om. Samme helg vil nemleg fleire av artistane på lista spele på Notodden Bluesfestival og andre store scener.

- Akkurat nå verkar det nesten litt vilt, men det er av enorm verdi for bygda og lokalsamfunnet, ikkje minst viss dette skulle funke, seier Høgmo Bakken, som trass i å vere busett i osloområdet i mange år, framleis har sterke kjensler for heimbygda.

HAVRESEKKEN BUKKING

Saman med ein anna vesttele, Eivind Kaasin, har dei to nyleg oppretta bookingselskapet Havresekken Bukking, som først og fremst arbeider etter ein viktig føremålsparagraf.

- Havresekken Bukking har som føremål å presentere musikk på stader der ein ikkje trudde ein skulle trivst, smiler Høgmo Bakken. Han seier at bookingselskapet sjeldan har vore så i tråd med føremålspragrafen som dei er i dette tilfellet.

- Bøgrend Auto er eit lokale som oppfyller dette kravet til fingerspissane, ler han, og syner til store suksessar i hovudstaden med denne rettesnora å forhalde seg til.

LOKAL TILKNYTING

Musikkonseptet sprikar elles breitt med omsyn til både sjanger og uttrykk. Men det lokale særpreget er godt i varetatt, både kva som gjeld åndeleg og fysisk næring. Og fleire vil debutere med eitt og anna her.

- Det blir første telemarkskonserten til Aasmund Nordstoga etter den siste plata. Elles debuterer vinbyggjen Erlend Kaasa med musikkprosjektet sitt Judas Booth, nemner Høgmo Bakken som to av fleire kuriositetar. For også på matfronten blir det nyskaping.

- Tradisjonsmatekspert Bodil Nordjore vil by på lokalprodusert mat, der hjorteburger frå Våmartveit vil vere ein av fleire spesialitetar, fortel ein oppglødd arrangør. Og det synest han ha god grunn til å gjere. For dei 600 billettane som er lagt ut for sal har alt fått gode bein å gå på.

Subaru kommer sent, men godt

...

Babybilder - januar

...


Med bilberging som livsstil

...


...

Morrison til Wood

Underholdning James Morrison gjør sin første norske konsert på Norwegian Wood lørdag 17. juni, samme dag som Sting og Lars Winnerbäck. Les mer


...

Beckham har aldri jukset

Underholdning David Beckham har flere ganger posert i undertøyet for både Armani og nå H&M, men insisterer på at han aldri har jukset på bildene. Les mer og se video


...

Slo egen rekord

Underholdning Da premiereepisoden på «Lilyhammer» ble sendt forrige uke, satte serien ny seerrekord for norske dramaserier. Onsdag slo den seg selv. Les mer og se trailer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.