...
BRILJANS: Annbjørg Lien sette eit elegant punktum for årets Telemarkfestival med ein innhaldsrik Borgja-konsert. Foto: Tore Skaug

Ein gyllen time med Annbjørg Lien

Ein makelaust allsidig folkemusikar og ein teknisk briljant felespelar. Annbjørg Lien inviterte til ein gyllen time da Telemarkfestivalen blei avslutta med Borgjakonsert på Bø ungdomsskule i går ettermiddag.

Publisert 19.07.2009 kl 21:28 Oppdatert 20.07.2009 kl 12:32

Tips en venn på e-post:

...

Annbjørg Lien er jenta frå Mauseidvåg utanfor Ålesund som hadde farens bandopptekne folkemusikkhalvtimar som den første læremeisteren, som viste talent nok til å bli med på ein av landets første folkemusikkprosjekt for ungar, «Eg er liten eg», i 1983, og som gav ut den første solo-LP-en alt i 1988.

Ungjenta kom med i det unge norske folkemusikkmiljøet som medspelar i Bukkane Bruse, og som vaksen har ho orientert seg langt utanfor Noregs grenser, og vi har høyrd og sett henne som internasjonal artist i String Sisters.

GJEST I JONDALEN

- Hauk Buen er kanskje den hardingfelespelemannen eg har høyrt mest på og som eg hadde den store glede og ære av å få vera gjest hos, fortalde Annbjørg og opna Borgjakonserten med «Spelemannsprøva» og «Jolaftan», den siste ein springar etter Svein Løndal.

Det er ikkje alltid lett å vera dame i eit mannsdominert spelemannsmiljø, men det har vore til hjelp å ha denne fela, ungdomsfela etter den legendariske Kristiane Lund frå Bø, fortalde Annbjørg og gav til beste Kristianes versjon av «Fykeruds farvel til Amerika».

At ho også er ein framifrå utøvar på vanleg fele, viste ho med «Halling» av Olav Kjellstad, ein sunnmørsspelemann. Tilbake til hardingfela følgde ein klassikar blant lydarslåttane i Telemark – «Førnesbrunen» slik Olav Løndal spela slåtten.

INSPIRASJON I LUFTA

- Det fyk inspirasjon forbi heile tida . Her er to slåttar etter to spelemenn eg set svært høgt, sa Annbjørg og serverte først «Huldreslått» lært av Hallvard Bjørgum, og deretter «Olav Høljesen», ein uvanleg sprek telespringar som er signert Knut Buen. Etter at ho flytta til Kristiansand, har ho også funne fram til meir av musikken frå Agder– og Åmli-spelemannen Salve Austenå som har lært henne gangaren «Kjempe-Jo».

Mot slutten av konserten tok ho fram materiale frå bestillingsverket ho laga for Telemarkfestivalen i 2007, der ho stilte med utanlandske medspelarar og internasjonalt farga musikk. Meir av dette slaget kom i fleire nummer frå oldtime-tradisjonen.

Også den svenske nyckelharpa veit Annbjørg Lien å traktere. Og så kan ho altså syngje! Det demonstrerte ho til fulle i ei vise ho kan takke Kirsten Bråten Berg og Hallvard Bjørgum for. «Kom heim», heiter songen som vi har ein mistanke om blir å finne på cd-en som ho gir ut til hausten. På heimesida hennar har albumet fått den engelske tittelen «Come home».

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Babybilder - januar

...


Subaru kommer sent, men godt

...


...

Synger ut om bruddet

Underholdning På sin nye skive synger Thom Hell om bruddet med Marit Larsen. Les mer


...

Ny direktør for festspillene

Underholdning Styreleder Åse Kleveland avslørte tirsdag at den nye direktøren for Festspillene i Bergen er danske Anders Beyer. Les mer


...

Madonna til Norge

Underholdning «Madonna arrangerer et gigantisk party, og alle er invitert», reklamerer arrangørene. Les mer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.