...
EG VI' TE BØ: Odd Nordstoga opna festivalen med ei nyskriven vise til festivalbygdas ære. Foto: Leif Jamtveit

Feiande festivalopning i Bø

11 hardingfeler frå Bø og omegn med Torgeir Straand og Johannes Sundsvalen som ankermenn helsa eit fullsett Gullbring med ein feiande springar – og slik kom årets Telemarkfestival, den 20. i rekka, i gang.

Publisert 17.07.2009 kl 08:09 Oppdatert 17.07.2009 kl 08:09

Tips en venn på e-post:

...
...
HYLLA GIBØEN: Stein Versto hylla 200-årsjubilant Håvard Gibøen, poeten blant 1800-talsspelemennene, på opningsfesten. Han visste kor viktig pausen mellom tonane var for musikken. Den er som tun mellom husa våre, sa Versto, sjølv poet og spelemann. Foto: Leif Jamtveit
...
BRITISK GROOVE: Eliza Carthy flankert av Phil Alexander på trekkspel og Barney Brown på cello er framifrå representantar for britisk folkemusikk. Foto: Leif Jamtveit

Telemarkfestivalen 2009

  • KVA: Opningskonsert
  • STAD: Gullbring kulturanlegg
  • NÅR: I går kveld
  • PUBLIKUM: 400

Odd Nordstoga var ikkje snauare enn at han opna festivalen med ei nyskriven vise. «Eg vi te Bø i kveld/og gjera nokre sprell», song Odd til eigne gitarakkordar og publikums fryd, og fortalde om den gongen han og resten av Vinje juniorspelemannslag blei engasjert til å spela til dans på Telemarkfestivalen.

- Vi hadde i overkant tru på oss sjølve der vi kom med ein springar, tre valsar og ein polka. Da den delen av repertoaret var servert, måtte vi til med el-gitar og Eric Clapton, mintest Odd og fyra opp under den gode stemninga.

BESTILLINGSVERK

Han overlet scenen til «ei av dei flottaste damene» han veit om – og så fekk Gullbring ein smakebit av det som mange ser fram til som eit høgdepunkt på årets festival: «Runartromma», framført av Øyonn Groven Myhren og perkusjonstrioen Sisu. Det let originalt, nyskapande, litt magisk og tvers igjennom velklingande – og lovar godt for framføringa av heile bestillingsverket på Gullbring i kveld.

Britiske Eliza Carthy har lenge tindra på folkemusikkhimmelen i Storbritannia. På opningskonserten fekk ho vist at ho er ein virtuos på fele, og sjølv med sår hals syng ho som få andre på dei britiske øyane. På konserten på Skogen i kveld, først saman med Vamp og så med eigne musikarar, kan ein møte henne i full breidde.

AMPUTERT

Så gjekk brannalarmen og amputerte kveldens britiske innslag – og påførte TA ei altfor tidleg deadline. Men vi vågar likevel å påstå at det blei ein opningskonsert med variert innhald og at Valravn, det danske svaret på norske Gåte, leverte folkemusikk med nordisk-mystisk preg. Mange blei truleg frista til å utvide kjennskapen til gruppa når dei stiller til midnattskonsert på Kvennøya. Elles er joik sjeldan vare i Gullbring, og Inga Juuso med tonefølgje av bassisten Steinar Raknes sto fram som ein verdig representant for den samiske folkemusikken.

Og sjølvsagt – utan taktfast slåttemusikk og feiande dansetak av bygdas eigne utøvarar ville konserten vore som suppe utan braud!

LES OGSÅ: Eckbo-prisen til feletalent

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Velkommen til verden - februar

...


Subaru kommer sent, men godt

...


...

Bear Grylls gir aldri opp

Underholdning Bear Grylls er tøffingen og villmannen som er i ferd med å bli mykere. Les mer


...

Bob Mould til Øya

Underholdning Selv om Øya bare har sluppet under halvparten av artistnavnene, er det nå kun 700 ukespass igjen til festivalen. Les mer


...

Ringos nye superband

Underholdning Ringo Starr har enda en ny stjernebesetning i sitt All Starr Band når han legger ut på turné i USA i juni og juli. Les mer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.