Kartfestivalen opnar med skaldekamp. Poesislammen skal bryte ned distansen mellom publikum og den som står på scena.
Torsdag startar Kartfestivalen på Gvarv for femte gong. Festivalen blir opna av poesislam for tredje året på rad. Det skjer på rampa mellom Kjernehuset og Kunstnerhuset. Dystklare poetar skal kjempe om ei NM-deltaking i Oslo til hausten. Det er Lenorardos øre som arrangerer skaldekampen i samarbeid med Kartfestivalen.
- For to år sidan var me dei fyrste i Telemark til å arrangere poesislam, seier festivalarrangør Øyvind Dahle.
PUBLIKUM KÅRAR VINNAR
Skriv du dikt, raptekstar, songtekstar, gåter, anekdotar, rim, limerick, regler, haikudikt, noveller, kåseri eller korte, korte romanar som varar i tre minutt? Då kan du ta med deg tre tekstar, gripe mikrofonen og gje alt for publikum. Det er nemleg dei som kårar vinnaren.
- Ideen bak poesislammen er å utfordre alle autoritetar som hevdar å vite kva som har litterær verdi, seier Heidi Christoffersen i Leonardos øre.
Poesislam er ei konkurranseform der mange ulike poetiske stilartar møtast. Det heile starta opp i Chicago i USA med Marc Kelly Smith i 1984.
- Han var ein bygningsarbeidar som skreiv dikt frå han var og ung. Smith ville demokratisere poesien ved å opne for alle, seier Christoffersen.
Poesislam er populært i USA, Europa og Asia. I Noreg har det mellom anna blitt arrangert poesislam i Porsgrunn.
- Men nokre av dei etablerte poetane ser på poesislam som forfall, fortel Christoffersen.
POESI, RADIO OG BLUES
I år er det Kristian Ihle Hanto som skal vere programleiar. Mellom poesislaga skal Trond Ytterbø frå Notodden Blues Band underhalde.
P3 kjem også til poesislammen. To radiostemmer skal delta. Det er Ludvig Løkholm Levin og Webjørn Svendsen Espeland som skal kjempe om publikums gunst. Sistnemnde er frå Bø.
- Publikum har ein meir aktiv rolle. Det blir latter og laussluppen stemning. Innleving har også mykje å seie, seier Dahle.
Han fortel at det brukar å vere god oppslutning med 12-14 deltakarar og mykje publikum.
- Folk har manna seg opp og blitt med, alt frå profilerte poetar til mindre kjente. Liv Holtskog frå Sauherad, Helge Rykja frå Kragerø og Reidar Ekrer frå Bø er blant dei som har delteke tidlegare, seier Dahle.
Jørn Berget frå Bø vann fyrste året og Arild Rekkedal frå Sauherad vann i fjor.
- Begge har delteke i poesislam-NM, seier Kart-arrangøren.
Men for å kome heilt til NM må årets vinnar på Gvarv innom regionsfinalen i Drammen.
Underholdning Thrilleren «Safe House» slår an på amerikanske kinoer. Les mer og se klipp fra filmen
Underholdning Vis meg ditt kjøleskap og jeg skal vise deg hvem du er. TV-kanaler går stadig nye veier for å kapre seere. Les mer
Underholdning Lørdag er det klart for premiere på en av verdenslitteraturens store kjærlighetshistorier – «Anna Karenina» – på Nationalteateret. Les mer
Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer