Reisemål Bø har investert i åtte nye «turistkontor». Dei skal gje turistar og innbyggarar i Midt-Telemark inspirasjon og opplysning.
Reisemål Bø har 72 medlemmer og hovudoppgåva er å marknadsføre desse. No er turistnæringa inne i ein trend som pregast av impulsiv turisme som lar seg påverke av vêrmeldingar.
- No er det viktigare enn nokon gong å kommunisere med dei som er på gjennomreise, seier Fredrik Hilsen, som er reiselivssjef Midt-Telemark.
Hilsen fortel at internettbruken har tatt over som kjelde for dei som planlegg ferie. Difor har Resemål Bø forbetra reiselivsportalen, som han også meiner kan sjåast på som ei viktig brikke i ein kommunal og regional strategi.
- Turistkontora er på veg ut på grunn av at folk orienterer seg på andre måtar. Reisemål Bø ynskjer å marknadsføre seg elektronisk ved bruk av ny teknologi, seier han.
Difor har dei gått til innkjøp av åtte informasjonskioskar der folk kan sjå vêrmelding, ta bilde av seg der dei er og sende til folk, finne informasjon om reisemål og aktivitetar i Midt-Telemark. Utanfor sommarsesongen ser reiselivssjefen for seg at maskinane kan flyttast til sentrum og brukast til kulturformidling til innbyggarane.
I sommar skal infokioskane stå på campingplassane Beverøya og Bø, slusene Lunde og Ulefoss, Norsjø ferieland, Bø sommarland, Bøsenteret og Gullbring kulturanlegg. Sistnemnde vil også ha ein skrivar, slik at folk kan skrive ut billettar til kulturarrangement og liknande.
Tanken er å få maskiner som er sjølvbetente med informasjon frå Nav, kommunen og kulturlivet i tillegg til turistinformasjonen.
- Me kjem til å supplere med fleire kioskar og har 4-5 etterspurnader no. Det kan også bli mogleg å overføre guiding og GPS frå kioskane, seier Hilsen.
Reiselivsrådgjevar Mona Rasmussen i Telemark fylkeskommune etterlyser eit samarbeid for å marknadsføre Grenland og Midt-Telemark samtidig gjennom kioskane.
- Fyrst skal me byggje infrastruktur i eigen regi. Men me kan tenke oss setje kioskar på Svinesund og ulike ferjekaier etter kvart for å kommunisere med eventuelle turistar, seier Hilsen, som ikkje ser bort i frå eit samarbeid då.
Underholdning James Morrison gjør sin første norske konsert på Norwegian Wood lørdag 17. juni, samme dag som Sting og Lars Winnerbäck. Les mer
Underholdning David Beckham har flere ganger posert i undertøyet for både Armani og nå H&M, men insisterer på at han aldri har jukset på bildene. Les mer og se video
Underholdning Da premiereepisoden på «Lilyhammer» ble sendt forrige uke, satte serien ny seerrekord for norske dramaserier. Onsdag slo den seg selv. Les mer og se trailer
Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer