...
STORT: Det var eit stort møte med dei tre karane Odd Nordstoga (t.v.), Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås i tolkinga av «Storegut» i går. Foto: Ingebjørg bø

Ein stor Storegut

Eit fullsett Gullbring kulturanlegg i Bø tok i går kveld del i Storegut-framsyninga med brørne Nordstoga og Per Anders Buen Garnås. Det baud på ein god innhaldsrik time.

Publisert 07.11.2008 kl 23:23 Oppdatert 10.11.2008 kl 08:33

Tips en venn på e-post:

...

For at diktverket frå 1866 framleis er høgst aktuelt, prova dei tre karane til fulle. Gjennom song, spel og opplesing vart historiene kring kjempa frå Edland, Storegut, formidla på ein særs levande, men også samtidsaktuell måte.

MUSIKALSK PERLE

Tolkinga dei tre har gjort av det klassiske litterære verket, rommar både alvor og latter, og må kunne karakteriserast som ei musikalsk perle av sjeldan vare. Tekstane er i seg sjølve spennande utgangspunkt, men gjennom dei tre musikalske meistrane, får desse for alvor kjøt og farge, med det romslege armslaget desse har gjeve til å utfalde dei særeigne kvalitetane sine. Odd Nordstoga, som ein stor melodiskapar, tekstformidlar og songar, Per Anders Buen Garnås, som ein framifrå spelemann, og Aasmund Nordstoga, som ein strålande opplesar, formidlar og humorist. Denne Storeguten rommar alt dette og meir til.

IMPONERANDE

For at ein fullstendig akustisk konsert, basert på nakne røyster, gitar- og felespel åleine klarar å trollbinde kring 400 publikumarar, er i seg sjølv ei stor bragd. At dei også gjer det med slik bravour, er ytterlegare imponerande. Dei frammøtte fekk glede av å møte song og spel av høg rang, solistisk så vel som i samspel. Og både spelemenn og tekstformidlarar leverte den eine perla etter den andre, så det gjekk kaldt nedover ryggane. Ein hadde faktisk ønskt at det aldri tok slutt. Dette samstundes som publikum fekk kjennskap til særeigne historier kring telemarkingen.

BYGDEHELT

Diktverket Storegut kom for første gong ut i 1866 og blir rekna som eit av dei største arbeida til Aasmund Olavson Vinje; eit klassisk verk i den norske bokheimen. Storegut er ein historisk person som levde i Øvre Telemark på slutten av 1700-talet. Og gjennom Vinje vart den kjempesterke Olav Edland også kjent langt utanfor lokalmiljøet.

Soga om han er dramatisk. Her finst døme på nevarretten (den sterkastes rett) som då rådde, her er skildring av korrupte embetsmenn, urettferdig handsaming av fattige, europeisk storkrig, kongemakt, romantikk og bygdeliv. Ein møter ein bygdehelt, som på grunn av styrken og rettferdssansen sin får både vener og fiendar, og såleis eit spesielt dramatisk liv. Og delar av dette vart publikum presenterte for på ein særs inspirerande måte i går.

PÅ RUNDTUR

Odd og Aasmund Nordstoga har gjort Storegut før. Først som skulekonsert for ungdomsskulen, seinare som kveldskonsertar. I samband med Litteraturdagane i Vinje i fjor, fekk dei med seg Per Anders Buen Garnås på hardingfele. Dette vart svært vellukka, og no har dei tre karane tatt med seg Storeguten på ei litt lengre reise rundt om i landet. Og den vitjinga er det all grunn til å få med seg.

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Velkommen til verden - februar

...


Subaru kommer sent, men godt

...


...

Bear Grylls gir aldri opp

Underholdning Bear Grylls er tøffingen og villmannen som er i ferd med å bli mykere. Les mer


...

Bob Mould til Øya

Underholdning Selv om Øya bare har sluppet under halvparten av artistnavnene, er det nå kun 700 ukespass igjen til festivalen. Les mer


...

Ringos nye superband

Underholdning Ringo Starr har enda en ny stjernebesetning i sitt All Starr Band når han legger ut på turné i USA i juni og juli. Les mer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.