...
STORT: Musikarane i Come Taste the Band går ein stor sommar i vente med noregsturnè med rockelegenden Glenn Hughes med på laget. Jo Henning Kåsin (t.v.), Frode Flatland Jensen og Vidar Heldal. Foto: ib

Band på eksklusiv turné

Bestillingsverket med Glenn Hughes og telemarksgruppa Come Taste the Band har fått ringverknader ingen hadde trudd. Til sommaren går ein musikkdraum i oppfylling.

Publisert 05.03.2008 kl 19:57 Oppdatert 06.03.2008 kl 07:16

Tips en venn på e-post:

...

- Det kjennest som å bli henta rett inn i Premier League og score mål i opningskampen, seier Jo Henning Kåsin og smiler praktisk talt frå øyre til øyre. For saman med tre av bandmedlemmene sine sit han med ei drømmekontrakt i handa, mange musikarar vil misunne.

BESTILLINGSVERK

Felles kjennskap i managementa til Come taste the band og Glenn Hughes, førte til eit eineståande musikkprosjekt under fjorårets Kartfestival på Gvarv. For saman med den legendariske Deep Purple-stjerna skulle dei fire musikarane Jo Henning Kåsin, Frode Flatland Jensen, Vidar Heldal og Eldar Melkvik vere band. Og erfaringane har gjeve rockeguruen meirsmak.

- Etter avslutta konsert i fjor, poengterte ein oppglødd Hughes at dette ville han gjere meir. Men ingen av oss hadde vel eigentleg trudd det kom til å bli noko, før musikaren berre ein månad etter konserten tok opp tråden att, fortel Kåsin, som sidan sommaren har vore delaktig i arbeidet med å snekre saman ei turnèliste.

- Responsen har vore enorm. Me kunne sikkert banka 30 konsertar utan problem, men det blir ein eksklusiv runde på seks, kanskje sju konsertar, godt spreidde utover heile landet, legg Kåsin til, og fortel at telemarkskonserten blir å sjå og høyre på Wrightegaarden i Langesund i juli. Store festivalar i Drammen, Kristiansund, Ørsta, Bergen og Skånevik står elles for tur.

GOD OPPVARMING

Og det blir eit noko anna fokus på gruppa, enn kva desse har vore vande med som musikarar. Come Taste the Band, som har turnert på langs og på tvers i landet i ein tiårsperiode, får no, med Hughes på laget, oppvarmingsband ein tidlegare sjeldan fekk sjansen til å varme opp.

- Det blir ei heilt ny verd for oss. På bluesfestivalen i Skånevik har me Hellbillies som oppvarming. I Drammen TNT, så ein kan seie ein føler seg ganske så overvelda, gliser Kåsin, som etter godt logistikkarbeid, endeleg kunne presentere ei komplett speleliste i går.

- Hughes sjølv har presisert at musikkarbeidet har gitt han litt ekstra piff. For med dette konseptet blømer dei gamle Purple-låtane, som har vore lite å høyre i levande live dei siste tiåra, skyt Heldal inn.

LEGENDESTATUS

I brodden for band som Deep Purple og Black Sabbath, har Glenn Hughes ry på seg for å vere ein av rockens største vokalistar. Medverkande til millionseljande album som «Burn» i 1974, har denne også for lengst opparbeidd legendestatus. Og dei siste åra har rockaren i hovudsak fokusert på eiga solokarriere. Det er difor ikkje heilt utan grunn at dei fire telemarkingane føler seg beæra i oppdraget som ligg føre.

- Det er tid for eit magisk og sjeldan gjenhøyr med «Burn», «Mistreated», «Stormbringer», «You keep om moving» og mange fleire, seier ein stolt trio, som går ein sommar i vente, dei sjeldan vil gløyme.

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Babybilder - januar

...


Subaru kommer sent, men godt

...


...

Synger ut om bruddet

Underholdning På sin nye skive synger Thom Hell om bruddet med Marit Larsen. Les mer


...

Ny direktør for festspillene

Underholdning Styreleder Åse Kleveland avslørte tirsdag at den nye direktøren for Festspillene i Bergen er danske Anders Beyer. Les mer


...

Madonna til Norge

Underholdning «Madonna arrangerer et gigantisk party, og alle er invitert», reklamerer arrangørene. Les mer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.