Ein flott vokalist og fire eminente musikarar gav eit fåtalig, men entusiastisk publikum ein konsert av høg kvalitet på Granvin i Seljord i går kveld.
Torun Eriksen har truleg ikkje sin like på jazz-scenen i Telemark, og når ho mønstrar medspelarar som Frøydis Grorud og David Wallumrød treng ein ikkje vente lenge før god-kjensla kryp inn mellom benkeradene.
Det er ikkje vanskeleg å høyre at Torun sidan ho song i Lunde barnegospel og gjekk på musikkgymnas i Skien, har vanka både i soul- og jazzmiljø. Ho finn seg kanskje aller best til rette i ein amerikansk singer/songwriter-tradisjonen, og ho legg vinn på å formidle «den gode forteljinga», prega av det enkle og lyriske. Stemma hennar er umiddelbart sympatisk, og det er sikkert ikkje tilfeldig at da jazzgruppa Chipahua gjenoppstod for nokre år sidan, overtok Torun som vokalist etter ingen ringare enn Sidsel Endresen.
GYLDNE AUGNEBLINK
Sjølv om Torun Eriksen og kvartettan hennar opererer i velkjende rammer, er det ikkje langt mellom dei gyldne augneblinka som kjenneteiknar ein rotekte artist.
Torun Eriksen debuterte med albumet «Glittercard» i 2003. Så kom «Prayers & Observations» i 2006, og på heimesida si lovar Torun cd nummer tre tidleg neste år. Aller best kontakt med publikum har ho kanskje fått i Tyskland, der ho sist på fjoråret turnerte med Jazzchor Freiburg.
Med seg på scenen har den 30 år gamle Lunde-jenta først og fremst Frøydis Grorud på saksofon og fløyte, i Telemark kanskje best kjend frå folkemusikkgruppa Vintermåne, dernest David Wallumrød på tangentar, Torstein Lofthus, trommer, og Kjetil Dalland på bass. På konserten i går fekk dei alle sleppe til med herlege improvisasjonar og soli med driv og energi – og fekk rikeleg løn frå salen.
Den raske turneen i heimfylket, iscenesett av Telemarkkonsertar, held fram med konsert på Rjukan i kveld, i Drangedal fredag kveld, og i Porsgrunn laurdag.
Underholdning På sin nye skive synger Thom Hell om bruddet med Marit Larsen. Les mer
Underholdning Styreleder Åse Kleveland avslørte tirsdag at den nye direktøren for Festspillene i Bergen er danske Anders Beyer. Les mer
Underholdning «Madonna arrangerer et gigantisk party, og alle er invitert», reklamerer arrangørene. Les mer
Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer