Praktfull «solbøn» i skulpturhuset

Eit kor, ein kvedar og ein spelemann fylte laurdag kveld Dyre Vaa-samlingane på Rauland med ein bortimot makelaus konsert.

Publisert 22.10.2006 kl 21:37 Oppdatert 22.10.2006 kl 21:37

Tips en venn på e-post:

...
FINALE: Kor og solistar set punktum for ein flott konsert, velvillig overvaka av Aasmund Olavsson Vinje i Dyre Vaa si utforming. Frå høgre dirigent Brit Karin Wetteland, kvedaren Astri Skarpengland og solistane Jan Heltne, Magnhild Haraldseide, Berit Lagaard og Trond Haugmark. Foto: Tore Skaug

Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo under leiing av Brit Karin Wetteland, viste seg å vera eit kvalitetskor som heldt publikum på strak arm i ein generøs time. Saman med kvedaren Astri Skarpengland og Vegar Vårdal, ein trollmann på fele, leverte dei tretti songarane eit program absolutt utan dødpunkt.

«Solbøn» var overskrifta og inngangsnummeret, etter ei svært gamal folkevise ein har funne levningar av både i Telemark og Hallingdal. Da forstod vi straks at skulpturhuset med sin fenomenale akustikk var den rette arenaen for ein slik konsert.

Etter telemarksvisa «Litle fuglen» i Sauherad-komponist Henrik Ødegaards vakre arrangement blei vi ønskt velkomne med Geirr Tveitts kjende inngangsvise og ein kveldssalme av Edvard Hoem, framført av Astri Skarpengland.

VÅRE VAKRASTE TONAR

Så gjekk det slag i slag med eit knippe av våre aller vakraste folketonar, i spennande og velklingande arrangement av våre aller fremste meistrar i faget – Knut Nystedt, Grete Pedersen, korets eigne dirigent – ja, og Edvard Grieg. Både Landstads «hymne» til Neslandskyrkja med Magnhild Haraldseide som solist, «Nu solen går ned» – også den frå fylket vårt – med Jan Heltnes vakre tenor i sentrum, og kanskje aller mest Bjerkreim-songen «Solrenning sæle», boren fram på Berit Lagaards mjuke sopran, sende varme ilingar ned gjennom stolrekkjene.

IMPROVISASJONSKUNST

Vårdals felespel – han er ein av dei få spelemenn som meistrar improvisasjonens kunst – let ofte både under og over korsongen, og eit par solonummer, ein pols frå Finnskogen og ein sprek springdans frå Iveland, var velkomne variasjonar i programmet og gav songarane ein liten pust i bakken.

Songlaget i BUL sette punktum med Heddal-salmen «I himmelen» med Trond Haugmark som solist, og så fekk vi den dvelande, melodiøse bruremarsjen frå Valsøyfjord som ekstranummer og til utmarsj – med ståande applaus frå eit takksamt publikum, som gjerne kunne vore langt større.

Subaru kommer sent, men godt

...

Babybilder - januar

...


Med bilberging som livsstil

...


...

Morrison til Wood

Underholdning James Morrison gjør sin første norske konsert på Norwegian Wood lørdag 17. juni, samme dag som Sting og Lars Winnerbäck. Les mer


...

Beckham har aldri jukset

Underholdning David Beckham har flere ganger posert i undertøyet for både Armani og nå H&M, men insisterer på at han aldri har jukset på bildene. Les mer og se video


...

Slo egen rekord

Underholdning Da premiereepisoden på «Lilyhammer» ble sendt forrige uke, satte serien ny seerrekord for norske dramaserier. Onsdag slo den seg selv. Les mer og se trailer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.