Nynorskløft frå biblioteka i Vest-Telemark

Med prosjektet som har endt opp i ungdomsboka «Triks» ynskjer bibliotekene i Vest-Telemark å sette søkjelyset på nynorskungdom og lesing.

Tom W. Reiersen
Publisert 20.04.2006 kl 20:17 Oppdatert 21.04.2006 kl 02:07

Tips en venn på e-post:

...
- VÆR SÅ GOD, LES: Elevene (fra venstre) Anne Gro Solli og Rolf Henning Gløsmyr Espedalen mottar eksemplarer av boken til sin skole Sauland ungdomsskole av biblioteksjef i Hjartdal, Åsta Nessén. Foto: tom reiersen

- Diverre er det slik at nynorsktalande ungdom les noko dårlegare enn ungdom som talar bokmål, sa Tone Reinholt fra Nissedal bibliotek da boka vart presentera for pressa på Granvin kulturhus i går.

EIN LANG VEG

Nett det ynskjer biblioteka i Vest-Telemark å gjera noko med. Som ein del av prosjektet «Nynorsk, ung og leseproff» satte dei seks bibliotekarane i Vest-Telemark seg føre å gje ut ei lettlest bok for nynorskungdom.

I går kunne dei visa fram resultatet, boka «Triks» av den kjende ungdomsbokforfattaren Bjørn Sortland.

- Vegen fram mot det å gje ut bok for oss var ikkje enkel, seier Tone Reinholt. – Det er tross alt ikkje i den delen av bokbransjen vi driv.

Med god hjelp av det skiensbaserte forlaget Lettlest Forlag klarte dei å dra det heile i hamn: Ei bok med eit førsteopplag på 2000 som vert distribuera til alle bibliotek i Vest-Telemark, i tillegg til at ho vert å få kjøpt i bokhandlene.

TREFFER UNGDOM

- Sjøl om boka skal treffe ungdom som ikkje har lett for å sette seg ned med ei bok, er det ingen typisk bok for dei med lesevanskar, dette her, seier Britt Haugland.

- Skrift, sideoppsett og design er lagt opp slik at ho skal vera lett å lesa, men sjølve historia går rett inn i kvardagen til ungdommane. Her handlar det om sjekking, husstell, ei vakker jente som er utvekslingsstudent og elles ting som høyrer heime der nynorsktalande ungdom bur.

Det er ikkje berre innsida av boka «Triks» som har gjenkjenneleg preg. Omslaget er teikna av den kjende formgjevaren Liv Andre Mosdøl frå Gvarv, opphavleg frå Kviteseid. Omslaget i det heile er designa av Holtskog Nyhuus Design frå Gvarv.

SPESIALFORLAG

Bjørn Rudborg frå Lettlest Forlag peika på at det ikkje var noko lite prosjekt biblioteka hadde satt seg føre.

- Dette er aldri gjort før og er eit pionerarbeid det står respekt av, seier han. – Og det er ingen kvensomhelst dei har fått med seg på skrivesida, heller. Bjørn Sortland er ein anerkjent forfatter av litteratur for barn og ungdom med om lag 20 bøker på samvetet. Og han skriv alltid på nynorsk.

Lettlest Forlag er eit forlag som har spesialisera seg på å gje ut bøker for folk med særskilte lesevanskar.

- Og her snakker vi ikkje berre om folk med dysleksi og liknande, men og om folk med framandspråkleg bakgrunn, folk som ikkje er vante med å lese og folk som har nedsatt leseevne.

Helterennet 2012

...

Helterennet 2012 gikk av stabelen lørdag 4. februar.

ALLE FOTO: STINE BAKKE

Se bildene

Babybilder - januar

...


Subaru kommer sent, men godt

...


...

Synger ut om bruddet

Underholdning På sin nye skive synger Thom Hell om bruddet med Marit Larsen. Les mer


...

Ny direktør for festspillene

Underholdning Styreleder Åse Kleveland avslørte tirsdag at den nye direktøren for Festspillene i Bergen er danske Anders Beyer. Les mer


...

Madonna til Norge

Underholdning «Madonna arrangerer et gigantisk party, og alle er invitert», reklamerer arrangørene. Les mer


CD-anmeldelser

...
Terningkast: 3

Slapp Eggum


...
Terningkast: 5

Smeller til igjen


Terningkast: 3

Soul uten særpreg

...

Terningkast: 3

Svensk kospop

...

...
Terningkast: 5

Markant tilbake


Se dagens stripe


Vintipset

Domaine du Tariquet leverer varene

Vintipset Gjennom en årrekke har Tariquet vært en premissleverandør på det norske markedet for rein og pen, frisk og fruktig tørr hvitvin fra Gascogne i Sør-Frankrike. Les mer


Restaurantguiden

...

Forvandlingen er i gang

Restaurant guiden Det er alltid spennende med nye matopplevelser og Hun og Han kunne ikke la ryktene om en kulinarisk aften med fem retter på Langesund bad være uprøvd. La det være sagt, og det med store bokstaver, at nå skjer det ting på dette ærverdige stedet, kalt «Societeten». Les mer



TIPS OSS

Telefon: 35 58 55 49
Sms: TATIPS til 2005
Mms: TATIPS til 2005
E-post: desken@ta.no
E-post: nettvakt@ta.no

KONTAKT OSS

Sentralbord: 35 58 55 00
Adresse: Telemarksavisa AS
Postboks 2833, Kjørbekk
3702 Skien

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Ove Mellingen
Redaktør digitale medier: Tom Erik Holland
Markedssjef: Glenn Anda Pettersen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.