Folkemusikk-entusiastane i TA:LIK samarbeider med NRK om ny utgjeving av innspelingar på LP og EP.
Dermed kan ein nå høyre spelemannslegenden Jens Amundsen (1921-87) frå Bø i glitrande opptak frå 1970-talet med topp lydkvalitet og ein cd-faldar utstyrt med Kari Rolfsens uforliknelege spelemannsportrett. Utgjevarane har vore påpasselege med å få med seg viktige element frå LP-epoken; Eivind Grovens tekst om slåttane og programsekretær Rolf Myklebust si presentasjon av utøvarane.
Amundsen var ein meister med fela enten det gjaldt standardrepertoaret (her m.a. Nordfjorden og Hildalen) eller eldre og meir sjeldant materiale som Gangar etter Olav Bakkene og Springar etter Tollef Forberg.
Bøherad-spelemannen deler albumet med ein annan legende på hardingfela - Odd Bakkerud (1931-89) frå Nes i Hallingdal. Ingen av dei nådde høg alder, og cd-en kan derfor stå som ein verdig minnestein.