Med debut-cd-en til Unni Boksasp blir omgrepet «kringelhauk» innført i norsk folkemusikk.
Unni, som har slått seg ned på Miland i Tinn, har musikken med seg frå heimtraktene på Nordmøre, og der er det ikkje tale om lokking og laling, men om kringelhauk. Det næraste ein kan koma ein definisjon, er truleg dette: Ein kringelhauk er ei vokal gledesytring.
Slik sett er heile denne cd-en ei gledesytring. Alt første sporet - Så segla vi ut! - er til å bli i godt humør av. Unnis friske, gode stemme med eit eineståande tonefølgje - Jorunn Marie Kvernberg med eggande akkordspel på hardingfele og Ånon Egeland på lyre! - fortel at dette er ein produksjon utanom det vanlege.
Unnis store ideal var Magnhild Almhjell (1894-1985), og storparten av visene er etter henne, også skillingsvisene som Unni framfører med hjarteskjerande overtyding, ofte med Ånons zitter til. I det heile er visst denne multimusikanten eit funn for alle som går svanger med ein folketone-cd og treng tonefølgje og litt krydder. I herverande utgåve spelar han så vidt eg forstår ikkje mindre enn seks ulike instrument. Og jammen er han ikkje også med og syng!
Cd-en blir lansert både i aust og vest denne veka, på Rauland er det konsert onsdag kveld.