«Nytt er livet» heiter eit av dikta i kviteseidforfattaren Olav Mosdøls samling «Missa Millennium» (2000). Dette diktet har komponisten Knut Nystedt, 90 år i år, sett musikk til og arrangert for damekor.
Songen var tinga av Bærum Vokalensemble som urframførte det vakre og heilt usedvanleg klangfulle verket i Bærum Kulturhus hausten 2003.
Nå kan vi alle få del i «Nytt er livet» av Olav Mosdøl/Knut Nystedt, ettersom elitekoret Ensemble 96 under leiing av Øystein Fevang markerer komponistens 90-årsjubileum med cd-en «Immortal Nystedt» - med Bærum Vokalensemble som «gjesteartistar».
Den øvrige musikken på cd-en er komponert til tekstar av Søren Kierkegaard, eit Salve Regina frå mellomalderen og frå Bibelen. Så suveren som komponist er Knut Nystedt at han kan tillate seg å leike med Bach og lage sin eigen og svært intrikate versjon av Bach-verket «Komm, süsser Tod».
Alt som 12-åring var Knut Nystedt å finne som sopran i Olavsguttene, og gjennom heile si komponistgjerning har han hatt kormusikken som eit hjartebarn.
Og Ensemble 96 gjer ikkje skam på musikkens opphavsmann. Ikkje ein mislyd å høyre, ikkje ein detalj som ikkje er tenkt igjennom - her er det korsong av første klasse og eit vell av velklang som gir assosiasjonar til så vel tidleg kyrkjemusikk som til vår tids tonespråk.
Bil og motor SKIEN: Etter 39 år som Mazda-forhandler mister Formo bil salgskontrakten. – De solgte ikke nok biler, sier Mazda Norge. Flere andre bilfirmaer jakter nå på kontrakten. Les mer
Øst-Telemark NOTODDEN: 16-åringen var lei av å bli mobbet og tildelte mobberen et slag i ansiktet. Nå er 16-åringen dømt til 14 dagers fengsel. Les mer